Opna hovudmenyen
Ei statue av Hillél på menoraen ved Knesset.

Hillél (ca 70 fvt.10 evt.) var ein jødisk religiøs leiar og lærar. Han er ein av dei mest vørdte historiske figurane i jødedommen.

Hillél var født i Babylonia i det 1. hundreåret fvt. Familien hans var ætta frå Kong David og han studerte hjå dei mest vidgjetne jødiske lærarane («darsjaním») i dei dagane.

Hillél blei snart den fremste av alle studentane. Kunna hans var så djup at alle leiarane av akademiet, «Bene Bathyra», gjekk av til fordel for han. Han blei kjent som den høgaste av alle farisearane, og var i praksis andeleg leiar over alle jødar i resten av livet sitt.

Mellom anna sa han: «Det som du misliker, gjer ikkje det mot nesten din. Dette er heile lova; resten er merknader. Gå no og lær!»

Hillél påverka den jødiske livstilen i stor grad, og den jødiske tradisjonen ser han som eit sinnbilete på korleis ein religiøs leiar må framføre seg. Han sette den jødiske tradisjonen fri frå bokstavleg og streng tolking, og gav jødedom styrken til å overleva alle vanskane som religionen måtte takla i framtida. Les meir …