Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 32, 2009

Minnesmerke etter Elliott Smith hjå Solutions Audio i Los Angeles, California.

Elliott Smith (6. august 1969–21. oktober 2003) var ein amerikansk musikar og låtskrivar. Hovudinstrumentet hans var gitaren, men han var også dyktig på piano, klarinett, bassgitar, trommer og munnspel.

Etter å ha vore medlem av rockegruppa Heatmiser i fleire år, byrja han som soloartist i 1994. Etter å ha utgjeve eit par plater på dei uavhengige plateselskapa Cavity Search Records og Kill Rock Stars, signerte han etter kvart for det langt større plateselskapet DreamWorks Records. Smith fekk eit gjennombrot med songen «Miss Misery», som vart brukt i filmen Good Will Hunting. Songen vart oscarnominet i 1997.

Smith sleit med depresjonar, alkoholisme og narkotikamisbruk i fleire år, og desse emna kom ofte fram i musikken hans. Han døydde 34 år gammal, etter to knivstikk i brystet. Obduksjonen klarte ikkje å prove om han tok livet av seg eller vart drepen. Les meir …