Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 40, 2004

Felix Mendelssohn

Felix Mendelssohn (3. februar 18094. november 1847) var ein tysk romantisk komponist av jødisk opphav. Han var kanskje det største vidunderbarnet etter Mozart.

Mendelssohn vart fødd i Hamburg som son av ein bankier, Abraham, som igjen var son av den kjende tysk-jødiske filosofen Moses Mendelssohn. Felix sin familie konverterte til kristendommen og flytte til Berlin i 1812. Søster hans var Fanny Mendelssohn (seinare Fanny Hensel), som òg var ein velkjend pianist.

Mendelssohn fekk pianoundervisning av mor si da han var seks, og da han var sju vart han undervist av Marie Bigot i Paris. Frå 1818 studerte han komposisjon med Carl Friedrich Zelter i Berlin. Han gjorde truleg sin første offentlege konsert som niåring, da han deltok på ein kammerkonsert. Han var tidleg ein produktiv komponist, og skreiv sitt første publiserte verk, ein pianokvartett, da han var 13 år gammal. Goethe møtte den unge Mendelssohn og fekk straks sansen for honom: «Når eg er trist, kom og muntre meg opp med spelet ditt!» Les meir.