Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 44, 2007

Tradisjonelt dekorert hus med dører frå Pyrgi på Khios.

Khíos er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg om lag 7 km frå kysten av Tyrkia. Khíos har i 2007 litt over 50 000 innbyggjarar. Mange khiotarar har flytta til storbyar på det greske fastlandet. Øya er kjend for sine mellomalderlandsbyar, den vakre naturen og det gode klimaet. Hovudeksportvaren frå øya er mastik, men det vert óg produsert oliven, fiken og vin. Internasjonalt er øya kanskje mest kjend for dei store og dyktige skipsfartsselskapa.

Nord for Khíos by ligg ein stor forstad kalla Vrondathos, som vert hevda å vere fødestaden til Homer. Klosteret Néa Móni frå 1000-talet ligg på Khíos og står på UNESCO si verdsarvliste.

Mellom 1556 og 1912 var Khíos styrt frå Det osmanske riket. Under den greske sjølvstendekrigen oppstod det eit opprør blant øybuarane i 1822. Som hemn gav den osmanske sultanen ordre om å massakrere alle innbyggjarane. Les meir…