Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 5, 2012

Hinduisk mantra på sanskrit skriven med devanagariskrift.

Dei indoariske språka er ei undergruppe av dei indoiranske språka (og dermed også av dei indoeuropeiske språka) og blir snakka nord i India, og også i Pakistan, Bangladesh, Nepal, Sri Lanka og på Maldivane, i tillegg til i land som har fått innvandrarar frå desse landa. Dei indoariske språka blir snakka av om lag ein milliard menneske. Blant dei viktigaste indoariske språka er hindi, det nærskylde urdu, bengali, andre indiske språk, og det klassiske språket sanskrit.

Dei indoariske språka er ikkje i slekt med dei dravidiske språka, som blir talte i sørlege India, men gjennom langvarig språkkontakt har dei utvikla mange fellestrekk. På grunn av mange folkevandringar og den gjensidige språkkontakta i området, har inndelinga av dei indoariske språka i genetiske undergrupper, og det å setje skilje mellom dei einskilde språka og dialektane, bode på problem.

Dei indoariske språka er i stor grad analytiske. Den grunnleggjande ordrekkefølgja i alle språka er subjekt–objekt–verb. Det mest karakteristiske draget fonologisk sett er det store talet plosivar. Fleire av dagens indoariske språk nyttar ei rekkje ord som er lånt inn direkte frå sanskrit. Les meir …