Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 6, 2009

Ein okkludert mesosyklon-tornado.

Ein tornado eller ei skypumpe er ei kraftig roterande luftsøyle som stig ned frå cumulonimbusskyer (toreskyer), eller i sjeldne tilfelle cumulusskyer, og ned til bakken. Tornadoar har mange forskjellige former, men er ofte synleg som ei smal, trektforma sky, der den smale enden av «trekta» tar nedi bakken. Ofte vil ein òg sjå ei sky av avfall som krinsar rundt den nedre delen av tornadoen.

Ein gjennomsnittstornado har vind mindre enn 175 km/h, er om lag 100–200 meter brei og flyttar seg eit par kilometer i løpet av nokre minutt før dei døyr ut. Dei kraftigaste tornadoane kan derimot ha vind over 480 km/h, vere meir enn 1,5–2 km brei og flytte seg over 100 km på nokre timar.

Ordet «tornado» kjem av det spanske ordet tronada som tyder 'torevêr'. Dette kjem igjen av det latinske ordet tronar som betyr 'tore'. Andre ord for tornado er kvervelvind, trombe (som er mykje svakare enn vanlege tornadoar), skypumpe (tornado som oppstår over vatn) og støvkvervel (som er ein relativt svak og lite omfangsrik kvervelvind). Les meir …