Wikipedia:Visste du at-arkiv 2004-2007
Denne sida er vidare arkivert frå Wikipedia:Visste du at-arkiv.
- ...det dei siste 159 åra har vorte sett på som dårleg folkeskikk å skåle med øl i Ungarn?
- ...mange byar i Frankrike har gater som er kalla opp etter brua i Lodi i Italia, der Napoleon vann det første slaget sitt, t.d. Rue du Pont de Lodi i Paris?
- ...Caligula ridde over Baiaebukta frå Pozzuoli til den andre sida på ei 3 km lang flytebru av båtar for å motvise ein astrolog som hevda det var større sjans for at han klarte nettopp dette enn at han vart keisar?
- ...at Marmorefalla i Italia med eit totalt fall på 165 meter er den høgaste menneskeskapte fossen i verda?
- ...at nedslagsfeltet til Stillehavet berre utgjer 13 % av landområda på jorda?
- ...at dalen Val Bregaglia er unik i Europa fordi han omfamner nedslagsfeltet til dei tre store elvane Po, Rhinen og Donau, som kvar renn ut i forskjellige hav?
- ...at uttrykket «Symje i Tiber» stundom vert nytta av protestantar om det å konvertere til katolisisme.
- ...at då Kartago vart omleira av romarane under den tredje punarkrigen måtte dei raskt lage våpen av det dei kunne finne i byen, m.a. nytta dei kvinnehår som strenger for katapultane.
- ...at den italienske øya Tavolara fram til 1962 var det minste kongedømet i verda?
- ...at det er sett ut kenguruar på den irske øya Lambay?
- ...øya Kolbeinsey, det nordlegaste punktet til Island, er utsett for kraftig erosjon og kjem til å forsvinne heilt innan få år?
- ...Bachs juleoratorium ofte berre blir kalla juleoratoriet?
- ... Sally Ride i 1983 blei den første amerikanske kvinna i verdsrommet?
- ...matpakketransporten utført av dabbawallaer i Mumbai er eitt av verdas mest effektive transportsystem?
- ...beinfisk er ei parafyletisk gruppe som likevel vert nytta av fagfolk?
- ...Miskolc var den nest største byen i Ungarn fram til 1990-åra?
- ...I juli 2001 klarte John Keough, ein advokat frå Melbourne i Australia, å ta patent på hjulet?
- ...ei gamal fransk lov seier at ein person som har vorte sinnsjuk på grunn av lyden av mistralvinden ikkje kan straffast for eit lovbrot, inkludert mord?
- ...dei to samiske avisene Min Áigi og Áššu har presentert planar om å slå seg saman til ei samisk dagsavis frå og med hausten 2008?
- ...den danske vitskapsmannen Niels Stensen som levde frå 1638 til 1686, var den første som viste korleis sedimentære lag vart avsette i havet og skildra hjartefeilen Fallots tetrade meir enn 200 år før nokon andre?
- ...at Austfonna på Nordaustlandet på Svalbard er den største isbreen i Europa?
- ...den lengste elva på Island heiter Þjórsá og er 230 km lang?
- ...det var biskopane i Bremen som var drivkrafta bak kristninga av Skandinavia?
- ...«spøkjelsestre» er hegg dekt av spinn frå heggspinnmøll?
- ...at ei av Dei nordfrisiske øyane i Nordsjøen, øya Strand i det som i dag er Tyskland, braut opp i tre mindre øyar under ein kraftig storm i 1634?
- ...at Austfonna på Nordaustlandet på Svalbard er den største isbreen i Europa?
- ...seks kommunar i Frankrike består av landsbyar som aldri vart bygd opp att etter den første verdskrigen, og derfor ikkje har nokre innbyggjarar?
- ...den islandske byen Seltjarnarnes òg er den minste kommunen i landet?
- ...førsteopplaget av Systema naturae, som skildra artsklassifiseringssystemet til Linné, var på berre 11 sider, medan den 13. utgåva hadde over 3000 sider?
- ...innbyggjarane i Vannes nordvest i Frankrike stod i mot åtak frå Julius Cæsar og romarane, og at dei inspirerte til stamma ein følgjer i teikneserien Asterix?
- ...norsk-kanadiske Torill Kove vann Oscar for beste animerte kortfilm i 2007?
- ...hovudstaden i Bhutan, Thimpu, er den einaste hovudstaden i verda utan trafikklys?
- ...elva Tammerkoski berre er to kilometer lang, men like vel blei grunnlaget for den finske byen Tammerfors?
- ...soknepresten Fredrik Waldemar Hvoslef vart teken til fange og piska under Kautokeino-opprøret i 1852?
- ...det kan sjå ut som om elva Bosut i Kroatia og Serbia renn motsett veg når det er sterk vind?
- ...Ski-VM 2007 vert arrangert i Sapporo i Japan i månadsskiftet februar/mars?
- ...Waffen-SS blei bruka som elitestyrke av tyskarane gjennom Andre verdskrig?
- ...Jon Almaas har arbeida tre år i NRK Troms?
- ...Linda Grubben tok tre medaljar under VM i skiskyting 2007, og at ho no legg opp som skiskyttar?
- ...elva Ula ligg i Rondane, medan Ūla (biletet) er ei elv i Litauen?
- ...Den Nordske Dale-Viise er det einaste verket av Petter Dass som heilt sikkert blei trykt medan han framleis levde?
- ...Verdas meteorologiorganisasjon har røter tilbake til 1873?
- ...ventilar eigentleg er røyrdelar?
- ...det heilage Fuji-fjellet i Japan var forbode område for kvinner fram til midten av 1800-talet?
- ...den gamle måleininga våg kjem frå norrønt vág, 'å vege'?
- ...skogen i Noreg har ein ståande masse på 735 millionar kubikkmeter?
- ...fjordingen er ein hesterase av norsk opphav?
- ...det ved austavind i fjordane på Vestlandet kan vera bris ved kysten og storm inne i fjorden?
- ...Drammens teater er teikna av Emil Victor Langlet som òg teikna Stortingsbygget?
- ...sjølv om Versailles er ein forstad til Paris, har han eigen status som by?
- ...dei to sol-observasjonssatelittane STEREO vil gje forskarane eit nytt tredimensjonalt djupnesyn mot sola?
- ...det er blitt sett over 100 millionar filmklipp på YouTube?
- ...den danske adelsmannen Erik Rosenkrantz stod bak både Rosenkrantztårnet og Muren i Bergen?
- ...odelsretten er verna av grunnlova og er eit særnorsk rettsinstitutt?
- ...plasteret blei funni opp då Earle Dickson skulle lage ein betre bandasje til kona si?
- ...verdas største kaldtvasskorallrev ligg vest for Røst i Lofoten?
- ...odelsretten er verna av grunnlova og er eit særnorsk rettsinstitutt?
- ...det vart laga få dataprogram for Commodore 128?
- ...den britiske kongen Edvard VIII abdiserte for å gifte seg med amerikanske Wallis Simpson?
- ...kulerammer i dag er mest brukte i aust- og søraust-Asia, særleg i Kina og Japan?
- ...det var rettskrivinga av 1917 som innførte bokstaven å for begge målformene, i staden for aa?
- ...Jugendstilsenteret ligg i Ålesunds første freda hus i jugendstil?
- ...frelse er umogleg i nokre religionar fordi skjebnen er bestemt på førehand?
- ...filmen Året gjennom Børfjord viser eit heilt år i løpet av 12 minutt?
- ...hinduistiske pannemerke sjeldan viser kasten til dei som ber dei?
- ...det har vore profesjonell baseball i USA frå omkring 1865?
- ...halleluja er ein språkleg interjeksjon brukt av både jødar og kristne?
- ...kronisk bronkitt helst rammar tobakksrøykjarar og folk frå byar med mykje luftforureining?
- ...«Sámi soga lávlla» vart skriven i 1906 og gjort til samisk nasjonalsong i 1986?
- ...det norske namnet Prøysen er inspirert av landet Preussen?
- ...talet på serbarar i Priština er gått ned frå 40 000 til under 2 000 etter Kosovokrigen?
- ...blandaball utan feite i midten ofte blir laga avlange for at ein skal kjenna dei att?
- ...det eldste menneskeskjelettet funne i Peru er minst ti tusen år gammalt og blei funne i Huánuco-regionen?
- ...swingdans slett ikkje blir dansa til swingjazz?
- ...løynspråket månsing mellom anna har lånord frå romani rakripa, rodi, jenisch og samisk?
- ...Escherichia coli truleg er den bakterien som er best dokumentert i vitskapleg litteratur?
- ...symbolet for heiltal, Z, kjem frå tysk «Zahl» (tal)?
- ...Hutaheiti eigentleg viser til Tahiti?
- ...det har pågått urbanisering i den vestlege verda frå den industrielle revolusjonen på 1800-talet?
- ...den svenske skiskyttaren Anna Carin Olofsson først byrja med skiskyting i 2003?
- ...koarktasjon av aorta utgjer seks til åtte prosent av alle medfødde hjartefeil?
- ...ein typisk raud blodlekam hjå menneske er 6–8 µm stor og inneheld om lag 270 millionar hemoglobinmolekylar?
- ...tidlegare sjefredaktør i avisa Nationen, Tord Langmoen, vart tvungen til å gå av i mars 2005?
- ...intervensjon kan vise til å fjerne vev eller implantera framandlekamar i menneskekroppen utan å direkte kunne sjå operasjonsfeltet?
- ...tiend mellom anna er kjend frå det antikke Babylonia?
- ...isbjørnen var i fare for å bli utrydda etter den andre verdskrigen?
- ...Fredrikstad Skiklubb skipa det kjende orienteringsløpet «Blodslitet» i 1968?
- ...nordmenn er eit av verdas mest konjakkdrikkande folk?
- ...historia har gjeve oss til saman 74 kjende norske regentar?
- ...generalsekretær Kofi Annan byrja SN-karriera si i Verdshelseorganisasjonen (WHO), som Gro Harlem Brundtland har vore leiar for?
- ...konflikten mellom Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven vart kalla «Stumpefeiden» i samtida, av di dei kjempa ved å skrive små, audmjukande «stumpar» (dikt) om kvarandre?
- ...det var heile 14 583 personar som hadde Kristian - og 11 932 personar som hadde Christian som første førenamn på byrjinga av 2004, medan berre 1 048 heitte Kristen same året?
- ...Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim, som vart skipa og tok over drifta til Universitetet i Trondheim i 1996, har nærare 20 000 studentar?
- ... Fiji vart kolonisert, lausrive og gjort om til republikk den 10. oktober? (i 1874, 1970 og 1987)
- ... Foramen ovale er ein kanal i hjarte hos foster, som òg kan vera open hos vaksne og disponera for dykkersjuke?
- ... namnet Susanne tyder ‘lilje’ og har vorte nytta i Noreg sidan 1200-talet?
- ... både far og son, Hans Olav Tungesvik og Steinulf Tungesvik, har vore leiarar av Noregs Mållag?
- ... måleeininga for elektrisk resistans er ohm?
- ... Foramen ovale er ein kanal i hjarte hos foster, som òg kan vera open hos vaksne og disponera for dykkersjuke?
- ... namnet Susanne tyder ‘lilje’ og har vorte nytta i Noreg sidan 1200-talet?
- ... både far og son, Hans Olav Tungesvik og Steinulf Tungesvik, har vore leiarar av Noregs Mållag?
- ... måleeininga for elektrisk resistans er ohm?
- ... ein habitivsetning er ein undertype av eksistensialsetningane som i mange språk blir brukt til å uttrykkje eigarskap?
- ... ein habitivsetning er ein undertype av eksistensialsetningane som i mange språk blir brukt til å uttrykkje eigarskap?
- ... Fraidy Cat er ein nevrotisk katt som har mista åtte av dei ni liva sine?
- ...Max Havelaar-logoen er ei internasjonal merkeordning for rettferdig handel?
- ...egyptaren Sayyid Qutb er ein av hovudideologane bak islamismen?
- ...Samisk parlamentarisk råd er eit samarbeidsorgan for sametinga i Noreg, Sverige og Finland?
- ...omgrepet nanoteknologi er nytta om naturvitskap der strukturane er av storleiksorden 0.1–100 nanometer?
- ...namnet Jugoslavia tyder «Sørslavia»?
- ...Gjønnes-utvalet kjem med sitt framlegg om koplinga mellom kyrkje og stat i Noreg innan utgangen av 2005?
- ...det symfoniske diktet Finlandia har vore melodi for nasjonalsongen til Biafra og fleire salmer?
- ...krimforfattaren Anne Holt har vore tilsett ved NRK, Oslo politikammer og Justisdepartementet?
- ...skog veks i område der nedbøren er større enn fordampinga?
- ...kven som først formgav og produserte norgesglaset er ukjent?
- ...vaksen ærfugl (bildet) treng opptil 1/4 av den maten eit menneske treng?
- ...NRK Alltid Folkemusikk var den første norske radiokanalen som bare sendte digital radio?
- ...selskapet Ny Jord vart skipa i 1908 for å minska norsk utvandring?
- ...nettverkstypen Ethernet er kalla opp etter elementet eter?
- ...ei sag kan drivast med damp, vatn, elektrisitet, drivstoff eller for hand?
- ...Gildeskål gamle kyrkje (bildet) er halvt frå 1100- og halvt frå 1700-talet?
- ...det eigentlege målet for atombomba USA sleppte over Nagasaki var Kokura?
- ...ein tuk-tuk (sjå biletet) er ein trehjula thailandsk motorsykkel med plass for fire?
- ...kommandanten for dei tyske landstridskreftene på Vestlandet i 1942-43 heitte Kurt Badinski?
- ...1. nisán er den første dagen i det jødiske året etter den religiøse jødiske kalenderen?
- ...omgrepet blåtann er inspirert av namnet på ein dansk-norsk konge?
- ...namnet på øya Gossa i Møre og Romsdal kjem frå det norrøne ordet for gjørme?
- ...kinaskeistorken er den einaste skeistorken som vert sett på som truga?
- ...Sosialistisk Venstreparti er eit grønsosialistisk parti?
- ...quechua var språket til inkafolket og vert enno tala av 8-9 millionar menneskje i Andesregionen?
- ...Leonardo da Vinci (sjå biletet) vart fødd utanfor ekteskapet?
- ...talordet googol blei oppfunne av ein niåring?
- ...to nobelprisvinnarar har heitt Euler-Chelpin?
- ...Henning Mankell har budd i Maputo i Mosambik sidan 1991?
- ...protein, polymerar og nukleinsyreer alle er makromolekyl (bildet)?
- ...apartheidmotstandaren Chris Hani har gjeve namn til eitt av dei største sjukehusa i verda?
- ...Sprachbund er ein språkvitskapleg term for språk som ikkje er i slekt, men som har vorte meir like kvarandre fordi dei blir snakka nær kvarandre?
- ...saka til DDR-leiaren Egon Krenz om brotsverk han hadde gjort under den kalde krigen først var fullendt i januar 2000?
- ...nordsamisk var skildra betre enn norsk før Ivar Aasen sin grammatikk kom ut i 1848?
- ...Bartolomé de Las Casas (bildet) først støtta dei spanske landsmennene sine i undertrykkinga av indianarane, men sidan vart overtydd om at overgrepa ville føra til guddommeleg hemn?
- ...lokalavisa Vestlandsnytt hovudsakleg dekker kommunane Herøy og Sande i Møre og Romsdal?
- ... første boka til den unge forfattaren Per Kristian Sebak, som handla om Titanic, selde betre i utlandet enn i Noreg?
- ... ordet olje kjem frå det latinske ordet for oliven?
- ... nanbudo er eit japansk kampsportsystem som har sitt opphav i karate?
- ... candela, SI-eininga for lysstyrke, er latin og tyder stearinlys?
- ... Mardalsfossen (sjå biletet), ein foss i vassdraget Mardøla, har eit fall på 655 meter?
- ... Frida Kahlo (sjå biletet) byrja måla etter ei alvorleg trafikkulukke då ho var atten år?
- ... Lynni Treekrem vart fødd i USA?
- ... Republikken Kina reknar med det finst ca. 400.000 taiwanske urfolk, etterkommarar av folk som budde på øya Taiwan før immigrasjonen av Han-folket.
- ... hypotesen om dopplereffekten, namngjeven etter Christian Andreas Doppler, vart testa ved hjelp av jarnbanetog og horn?
- ... røyking er den mest vanlege årsaken til kronisk obstruktiv lungesjukdom, men at sjukdommen òg kan vera arveleg eller grunna anatomiske faktorar?
- ... den latinske forma av namnet Adam er Adamus?
- ... Thorbjørn Egner drog til København i 1945 for å læra litografi hjå Christian Sørensen?
- ... det finst seks ulike kvarkar fordelt på tre par: opp/ned, sjarm/sær og topp/botn?
- ... Ålgård vaks fram kring De Forenede Ullvarefabrikker, og at fabrikken vart grunnlagt av haugianaren Ole Nielsen i 1870?
- ... den internasjonale astronomiske unionen deler opp nattehimmelen i 88 stjernebilete (sjå biletet)?
- ... L.L. Zamenhof, mannen som fann opp esperanto, talte russisk, jiddisch, polsk og tysk og kunne lesa minst 10 andre språk?
- ... militært patruljeløp var ei sportsgrein i Vinter-OL 1924?
- ... Jean Baptiste Debret (1768-1848) var ein fransk biletkunstnar som måla i Sør-Amerika?
- ... Stoffa er ei kortform for kvinnenamnet Kristoffa?
- ... ei nautisk mil er omkrinsen til Jorda ved polane delt på 360 grader og deretter på 60 minutt, altså 1852 meter?
- ... fruktsausen haróset kan innehalde teglstein?
- ... Partiet polske ølvener fekk 16 sete i det polske parlamentet i 1991?
- ... Kriemhild er ein typisk hovudbelte-asteroide?
- ... grunnstoffet molybden har eit av dei høgaste smeltepunkta for reine metall?
- ... mor til tsar Nikolai II (bilete) var prinsesse Dagmar av Danmark som var tanta til Haakon VII?
- ... flattryktheit er eit mål på kor flattrykt ein planet er?
- ... hinduismen er den eldste av dei store verdsreligionane?
- ... lest er eit gammalt rommål brukt mellom anna for å måle lastevolumet til eit skip?
- ... Siggjo er det høgaste fjellet i Bømlo kommune?
- ... Kontrapunkt var ein samnordisk musikkgisseleik produsert av NRK, SVT, YLE og Danmarks Radio?
- ... Leirvík er ein tettstad på Færøyane?
- ... sola si diameter er 1,4 gigameter?
- ... kleppfisken er i kommunevåpenet (biletet) til Tustna kommune?
- ... dersom einkvan har vore gifte i 75 år kan dei feira atombryllaup?
- ... det finst mange ulike typar kvalmestillande lækjemiddel?
- ...Norsk elghund grå er Noregs nasjonalhund?
- ...Skorpa er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre?
- ...Sorbarar er ei vestslavisk minoritetsgruppe som lever i Tyskland?
- ...Side Brok er ei hip-hop-gruppe frå Hovdebygda i Ørsta på Sunnmøre?
- ...Eugene Debs var presidentkandidat for det amerikanske sosialistpartiet medan han sat i fengsel?
- ...avdelingane i Heimevernet er forutsette å vere klare til aksjon 3-4 timar frå varsling?
- ...Bob Beamon heldt verdsrekorden i lengdehopp i over tjue år?
- ...Torborg Nedreaas debuterte då ho var 39 år?
- ...Peter Chr. Asbjørnsen i tillegg til å samla folkeeventyr òg studerte naturen som zoolog?
- ...bananen er rekna som eit bær i botanikken, som ei frukt i kokekunsten og ei grønsak etter jødisk halakhá?
- ...den sotsvarte neptunmånen Proteus er det største kjende objektet i solsystemet som ikkje er kuleforma?
- ...mellom 1 og 1,5 millionar menneske blei drepne i Auschwitz, medan rundt 7000 overlevande fangar blei frigjorde i 1945?
- ...kjeldeserien Diplomatarium Norvegicum viser innhaldet til norske dokument frå før 1570 ordrett og i original språkform?
- ...Maxwells likningar ikkje eigentleg var laga av Maxwell?
- ...limnologi er studiet av innlandsvatn?
- ...bergensfjellet Ulriken har inspirert opptil fleire kjende norske songar?
- ...planeten Uranus roterer motsett veg av dei andre planetane i solsystemet?
- ...rykte etter slaget ved Svolder sa at Olav Tryggvason hadde flykta og var blitt ein munk i Midtausten?
- ...det er over 6 000 av dei britiske øyane?
- ...Vietnamkrigen vert kalla den amerikanske krigen i Vietnam?
- ...den norske slekta Wegner opphavleg kom frå Preussen?
- ...Prosjekt Runeberg har fått namnet sitt frå Finland sin nasjonaldiktar?
- ... det finst minst 140 månar eller naturlege satellittar i solsystemet vårt?
- ... Rashnu er ein parsisk dommar-guddom som skal gje alle sjeler det dei fortener?
- ... det norrøne namnet Gardarike tyder "riket til borgane"?
- ... Merkur hovudsakleg var ein gud for handel?
- ... ein kan bli kalla kontra-revolusjonær både for å gå imot ein revolusjon og for ikkje å gå like langt eller i same retning som ekstremistar?
- ... Ivar Medaas sette melodi til songen som ga han artistgjennombrotet, Dar kjem dampen?
- ... Alvøy er namnet på to øyar som ligg nokre få mil frå kvarandre i Hordaland?
- ... ein kan koma seg frå Askøy til Bergen sentrum på ti minutt med snøggbåten Beinveien?
- ... sekund i gammal tid vart rekna som tida mellom to hjarteslag i kvile?
- ... Nidarosdomen vart bygd for å kunna ta i mot pilgrimane som valfarta til Heilag-Olav si grav?
- ... Fridtjof Nansen sine røynsler om Hardangervidda var med på å avgjera kvar Bergensbanen skulle gå?
- ... det fram til 1600-talet var forbode å dyrka ris i delar av Frankrike og Italia?
- ... Selma Lagerlöf selde Nobelprisen sin for å hjelpa Finland under Vinterkrigen?
- ... selje nokre stader vert brukt som palme på palmesøndag?
- ... Haakonsvern Orlogsstasjon i Mathopen er Sjøforsvaret sin hovudbase?
- ... Amerikamanatar slutta å migrera til varmare strøk fordi kraftverk varma vatnet for dei?
- ... Det er registrert 224 ulike fugleartar på Herdla, det rikaste fugleområdet i Hordaland?
- ... Måløy ikkje er ei øy?
- ... Kaffeklubben på Grønland er den øya i verda som ligg lengst mot nord?
- ... Saltstraumen er verdas sterkaste malstraum?
- ... familien til Osama bin Laden tok offentleg avstand frå han i 1994?
- ... dobbelt-V-en i George W. Bush står for Walker?
- ... John Kerry var soldat i Vietnam, men vart seinare motstandar av krigen?
- ... Hemsedal har ei gaupe i kommunevåpenet sitt?
- ... Sonja Elen Kisa fann opp språket Toki pona, inspirert av taoisme?
- ... morsmålet til Victoria av Storbritannia var tysk, men at utanom engelsk, tala ho òg fransk, italiensk, gresk og latin?
- ... songen På Vossevangen der vil eg bu, ein song om Voss, fyrst vart skriven på dansk?
- ... ein karnatisk fiolin, mykje brukt i karnatisk musikk, liknar på den europiske, men vert halden med den breie enden på skuldrene og den andre på foten?
- ... frå 1. januar 2005 vil Høgskulen i Stavanger heita Universitetet i Stavanger og bli Noregs femte universitet?
- ... ordet bastard kjem frå det norrøne bastarðr som tyder frilleson?
- ... den norske kjemiingeniøren Erling Johnson var instrumental i utviklinga av kunstgjødsel?
- ... Grannar er lokalavisa for kommunane Etne, Ølen og Vindafjord og vert skriven på nynorsk?
- ... Bibelen i si kristne form blir i dag utgjeven på 2.355 språk?
- ... Wikipedia på nynorsk er det første nynorske leksikonet sidan Norsk Allkunnebok kom ut i ti band mellom 1948 og 1964.
- ... Porsanger kommune i Finnmark heiter Porsáŋggu gielda på samisk og Porsangin komuuni på kvensk?
- ... den portugisiske filosofen Uriel Acosta overtydde familien sin å konvertera attende til jødedommen frå katolisismen?
- ... det er 156 kvinner i Noreg som heiter Jørgine?
- ... Firkantfolket bur i Andesfjella og snakkar nynorsk med vossadialekt?