Opna hovudmenyen

Wilfred Gibson (fødd 28. februar 1942) er ein engelsk fiolinist som spelte i bandet Electric Light Orchestra. Han har òg spelt som studiomusikar.

Wilfred Gibson
Fødd28. februar 1942 (77 år)
Dødoktober 2014
FødenamnWilfred Gibson
OpphavDilston i Northumberland i England
SjangerRock
Klassisk musikk
InstrumentFiolin
Tilknytte artistarElectric Light Orchestra, London Session Orchestra, Berkeley Square Society Band
PlateselskapHarvest Records, Zah Zah Records
Verka somMusikar

Gibson erstatta den opphavlege fiolinist i ELO, Steve Woolam i 1972 og spelte med bandet på den første konserten deira. Han spelte sidan på albumet ELO II og hitsinglane «Roll Over Beethoven», «Showdown» og «Ma-Ma-Ma Belle» i lag med cellistane Colin Walker og Mike Edwards. Han vart erstatta i 1973 av Mik Kaminski, visstnok etter ein krangel om pengar. Han arbeidde sidan som studiomusikar, mellom anna på «Right Back Where We Started From» av Maxine Nightingale i 1976.

Seinare spelte han på Hothouse Flowers-albumet Home (1990), The Beloved sitt Happiness (1995) og på Oasis-hitten «Whatever».

KjelderEndra