Willie August Kesting (28. januar 19088. august 1946) var ein tysk hemmeleg politimann som blei dømd og avretta for krigsbrotsverk i Noreg etter andre verdskrigen.

Willi August Kesting
Fødd 28. januar 1908
Død

8. august 1946

Kesting var utdanna som møbelsnekkar. Han var med i SA frå mai 1932, og gjekk inn i det tyske hemmelege politiet då Hitler kom til makta i 1933. I 1941 kom han til Noreg som overassistent ved Sicherheitsdienst avdeling IV A i Bergen, og vart kriminalsekretær og leiar for avdeling IV E den 6. oktober 1944. Kestingleia avdelinga til kapitulasjonen, og vart i Gulating lagmannsrett dømd til døden for krigsbrotsverk (mishandling og drap) 18. mars 1946. Etter stadfesting av dommen i Høgsterett 4. juli 1946, vart han avretta på Sverresborg 8. august 1946.

Sjå ogEndra