William Beveridge

britisk politikar og økonom

William Henry Beveridge fødd 5. mars 1879 i Rangpur, daud 16. mars 1963 i Oxford) var ein britisk økonom.

William Beveridge
William-Henry-Beveridge-1st-Baron-Beveridge.jpg
Fødd5. mars 1879
Rangpur
Død16. mars 1963
Oxford
NasjonalitetStorbritannia
Områdesamfunnsøkonomi
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, statistikar
InstitusjonarUniversity of London
Alma materBalliol College
University College
Charterhouse School
EktefelleJessy Janet Philip
MedlemRoyal Statistical Society

Beveridge tenestegjorde 1908-16 i Board of trade, og tilhøyrde frå 1925 kolkommisjonen. Han tilhøyrde 1906-08 òg redaksjonen av Morning post og var frå 1919 leiar for London School of Economics and Political Science.

Det mest kjende arbeidet hans er The Beveridge report, som blei skriven i løpet av andre verdskrigen. Rapporten, som mellom anna tek for seg sosialforsikring og socialbidrag, påverka oppbygginga av velferdsstaten i fleire land.[1]

Hovudtanken i planen var å gje befolkninga eit grunnleggjande sosialt vern gjennom eit system av obligatoriske avgiftsbelagte forsikringar, som skulle administrerast av staten. I modifisert form blei planen grunnlag for sosialpolitikken utforma av den første regjeringa til det britiske arbeidarpartiet etter andre verdskrigen.

Beveridge blei adla i 1946 til Baron of Tuggal.[1]

BibliografiEndra

  • Unemployment: a problem of industry (1909)
  • The public service in war and in peace (1920)
  • British food control (1928)

LitteraturEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Bra Böckers lexikon, 1973
  • Svensk uppslagsbok. Malmö 1939