Opna hovudmenyen

William Éric Gallas (fødd 17. august 1977) er ein fransk fotballspelar. Han spelar i forsvar for Tottenham Hotspur i engelsk Premier League og for det franske landslaget. Han var med på å vinna Premier League med Chelsea i 2005 og 2006. Frå 2007 til 2009 var han lagkaptein for Arsenal, men vart fråteken denne rolla etter å ha kritisert lagkameratane sine i eit intervju.

William Gallas
William Gallas 2018 (2).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn William Éric Gallas
Fødd 17. august 1977
Fødestad Asnières-sur-Seine
Høgd 181 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Tottenham Hotspur
Nummer 10
Ungdomsklubbar
1987-92
1992-94
Frankrike AVG Football
Frankrike INF Clairefontaine
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1995-97
1997-2001
2001-06
2006-10
2010-
Frankrike Caen
Frankrike Marseille
Flag of England.svg Chelsea
Flag of England.svg Arsenal
Flag of England.svg Tottenham
34 (0)
84 (2)
159 (12)
101 (12)
0 (0)
Landslag
1997-98
2002-
Frankrike Frankrike U21
Frankrike Frankrike
11 (0)
84 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. juni 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 17. juni 2010

Han debuterte for Frankrike 12. oktober 2002 i ein kamp mot Slovenia, som Frankrike vann 5-0. Han fekk den femtiande landskampen sin 6. september 2006, heime mot Italia. Han var eit av førstevala som midtstoppar for Frankrike under fotball-VM i 2006 og fotball-EM i 2008. Familiebakgrunnen hans er frå Guadeloupe.