William Henry Singer

William Henry Singer jr. (5. juli 186829. desember 1943) var ein amerikansk biletkunstnar og millionærarving til eitt av dei største stålverkselskapa i USA.

William Henry Singer

Statsborgarskap USA, Kongeriket Nederlanda, Noreg
Fødd 5. juli 1868
Pittsburgh
Død

29. desember 1943 (75 år)
Olden, Innvik

Yrke kunstmålar
Medlem av Arti et Amicitiae
Ektefelle Anna Brugh Singer
William Henry Singer på Commons

Singer måla mellom anna vestlandske landskap i impresjonistisk stil. Motiv til måleria fann han i mange år inst i Nordfjord.[1]

William Henry Singer og kona Anna kom til Olden i Nordfjord første gong i 1913. Dei likte seg her og kom tilbake åra etter og budde i bygda i sommarhalvåret. Etterkvart fekk dei teikna og bygd villaen Dalheim, som stod ferdig i 1921.[2] Kunstnarbustaden, også kalla Singerheimen, vart innreia med ei betydeleg samling av kunst og antikvitetar. Singerheimen vart ein samlingsstad og delvis bustad for kunstnerar.[1] Anlegget omfattar fleire bygningar, som hadde ulike funksjonar i si tid.[3]

William Henry Singer gjorde mykje for lokalsamfunnet i Nordfjord. Han donerte store pengegåver til ulike prosjekt i Olden og omegn, mellom anna til Nordfjord sjukehus og til bygging av vegen mellom Innvik og Olden.[3] Singer vart utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden for sin samfunnsinnsats i Nordfjord.[1]

Eigedomen Singerheimen blir driven av Stiftelsen William H Singer Jr's og Anna Brugh Singers Minde og administrert av Vestland fylkeskommune. Singerheimen er i dag gjestehus og museum på sommartid.[2] I 2021 vart Singerheimen freda av Riksantikvaren.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Anker, Peter M. (18. juni 2024). «William Henry Singer». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 Om oss - Singerheimen (på engelsk), 28. september 2024, henta 16. oktober 2024 
  3. 3,0 3,1 3,2 Singerheimen i Dalheim er freda av Riksantikvaren (på norsk bokmål), henta 15. oktober 2024