Willie the Pimp
Willie the Pimp Song av Frank Zappa frå albumet Hot Rats | ||
Utgjeve | 10. oktober 1969 | |
Sjanger | Bluesrock, hardrock | |
Lengd | 9:25 | |
Selskap | Bizarre/Rykodisc | |
Låtskrivar(ar) | Frank Zappa | |
---|---|---|
Produsent | Frank Zappa |
«Willie the Pimp» er ein bluesrocksong av Frank Zappa frå albumet Hot Rats frå 1969. Captain Beefheart syng vokal på songen, medan Zappa spelar ein av sine klassiske gitarsoloar. Songen er 9 minuttar og 16 sekundar lang på Hot Rats. Han er den einaste songen som ikkje er ein instrumental på albumet, men inneheld ein lang instrumental gitarsolo.
Songen finst òg på konsertalbuma Fillmore East - June 1971 og You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4.
Albumtittelen Hot Rats kjem frå ein del av teksten på Willie the Pimp. Opphavet til songen vart forklart i ein samtale Zappa spelte inn i 1969. Intervjuet vart seinare gjeven ut som «The Story of Willie the Pimp» på Zappa-albumet Mystery Disc.
Songen vart rangert på 75. plass på lista over dei 100 beste gitarsongane av Rolling Stone.[1]
Musikarar
endreHot Rats-versjonen
endre- Frank Zappa - gitar, perkusjon
- Ian Underwood - piano
- Captain Beefheart - vokal
- Sugar Cane Harris - fiolin
- John Guerin - trommer
- Max Bennett - bass
Fillmore East
endre- Frank Zappa - gitar & dialog
- Mark Volman - solovokal & dialog
- Howard Kaylan - solovokal & dialog
- Ian Underwood - blåseinstrument s & keyboard & vokal
- Aynsley Dunbar - trommer
- Jim Pons - bass & vokal & dialog
- Bob Harris - 2. klaver & vokal
- Don Preston - Minimoog
You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4
endre- Frank Zappa - sologitar/vokal
- Ike Willis - gitar/vokal
- Ray White - gitar/vokal
- Bobby Martin - klaverinstrument/saksofon/vokal
- Allan Zavod - klaverinstrument
- Scott Thunes - bass
- Chad Wackerman - trommer
Andre versjonar
endre- Juicy Lucy spelte «Willie the Pimp» i 1970 på Lie Back and Enjoy It. Denne versjonen finst òg på samlealbumet til Andy Votel kalla Vertigo Mixed, som kom i 2005.
- Stack Waddy i 1972 på albumet Bugger Off!
- Clouds (med Adam McGrath) på Legendary Demo på songen «Magic Hater»
- Qui i 2007 på albumet «Love's Miracle".
- Alex Harvey på albumet The Joker is Wild
- Den tidlegare Zappa-gitaristen Warren Cuccurullo spelte songen i 1998 på albumet Roadrage.
- Den New Jersey-baserte pskyedelisk/progressiv rock-kvartetten Karmic Juggernaut har spelt songen på konsertane sine.
- Darryl McDaniels, Talib Kweli, Mixmaster Mike & Ahmet Zappa spelte songen på The Frank Zappa AAAFNRAAAA Birthday Bundle 2010
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Willie the Pimp» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "The 100 Greatest gitar Songs of All Time", arkivert frå originalen 31. mai 2008, henta 7. oktober 2022. Rolling Stone. 2008. Henta 31. mai 2014. «Zappa sin gitarimprovisasjon var aldri meir bluesaktig - eller meir triumferande - enn på denne songen. Dei sleipe glidingane og hylande hunde-tonen - og måten han glir over i nevekampar med rytmeseksjonen med raske notar - er lekent og impulsivt. Og den djupe vokalen? Det er tenåringsvenen til Zappa, Captain Beefheart».