Vilnius

(Omdirigert frå Wilno)

Vilnius (polsk Wilno, tysk Wilna, jiddisch Vilne, belarusisk Вільня, russisk Вильнюс) er hovudstaden i Litauen. Byen har kring 540 000 innbyggjarar i sjølve byen og ligg i den søraustlege delen av landet. Vilnius er Litauen sin historiske hovudstad frå mellomalderen, men vart først i 1991 hovudstad i eit fritt Litauen. Den er ein administrasjons- og handelsby, og ligg på båe sider av elva Neris. Byen har norsk ambassade med eigen ambassadør frå desember 1991.

Vilnius
Byvåpenet til Vilnius
Byvåpenet til Vilnius
Styresmakter
Land
Etnografisk region
Fylke
Litauen
Aukštaitija
Vilnius fylke
Først nemnd
Byrettar
1323
1387
Geografi
Flatevidd 401 km²
Flatevidd
 - By

401 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

542 809
  1 353/km²
Koordinatar 54°41′N 25°17′E / 54.683°N 25.283°E / 54.683; 25.283
Høgd over havet 112, 98 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.vilnius.lt
Plassering
Plassering av Vilnius
Plassering av Vilnius
Gamlebyen i Vilnius

Namn endre

Ein meiner at Vilnius, på same måte som så mange andre byar, har fått namnet sitt etter elva han ligg ved, det vil seie Vilnia (polsk Wilejka).

Geografi endre

Byen ligg i søraust i Litauen der elva Vilnia (lit. Vilnelė) munnar ut i elva Neris. Den usentrale plasseringa skuldast at landet sine grenser har endra seg gjennom hundreåra. Vilnius var tidlegare ikkje berre det kulturelle, men òg det geografiske senteret i Storhertugdømet Litauen og var òg ein viktig by i Den polsk-litauiske realunionen.

Avstanden mellom Vilnius og Austersjøen og Klaipeda, den viktigaste litauiske hamnebyen, er om lag 312 km. Avstanden er ganske stor, men andre byer som Kaunas, Šiauliai og Panevėžys ligg nærare. Dei ligg høvesvis 102, 214 og 135 km frå hovudstaden.

Vilnius by strekkjer seg for tida over 402 km². Det busette arealet dekkjer 20,2 %, medan grøntområde utgjer 43,9% og elvar og vatn strekkjer seg over 2,1 % av kommunen.

Folkesetnad endre

I følgje offisiell statistikk for 2001 var det omkring 574 000 innbyggjarar i Vilnius (542 809 i 2007); 52, 8% litauarar, 19,8 % polakkar, 19,2 % russarar, 4,8 % kviterussarar og 3,3 % av andre nasjonalitetar.

Vilnius er det største administrative senteret i Litauen med alle viktige politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle institusjonar i byen. Vilnius fylke dekkjer kommunane Elektrėnai, Šalčininkai, Širvintos, Švenčionys, Trakai kommune og Ukmergė; til saman 9650 km².

Vilnius by er inndelt i følgjande 21 bydelar (seniūnija): Antakalnis bydel, Fabijoniškės bydel, Grigiškės bydel, Justiniškės bydel, Karoliniškės bydel, Lazdynai bydel, Naujamiestis bydel, Naujininkai bydel, Naujoji Vilnia bydel, Paneriai bydel, Pašilaičiai bydel, Pilaitė bydel, Rasos bydel, Senamiestis bydel, Šeškinė bydel, Šnipiškės bydel, Verkiai bydel, Vilkpėdė bydel, Viršuliškės bydel, Žirmūnai bydel og Žvėrynas bydel.

Klima endre

Klimaet i Vilnius skiftar mellom kontinentalt og maritimt. Den årlege temperaturnormalen er +6,1 °C, i januar er han +4,9 °C og +17,0 °C i juli. Normal årsnedbør er 661 mm i året.

Ein har stundom heite somrar med dagstemperaturar over 30 °C, men stort sett er klimaet ganske likt det ein finn nord i Tyskland, Danmark og Sør-Sverige.

Historie endre

Vilnius har vore busett i mange hundreår, noko som er påvist gjennom ei rekkje arkeologiske funn i forskjellige bydelar. Byen er kanskje identisk med den bortgløymde hovudstaden Voruta under kong Mindaugas. Litauarane har ei velkjend segn om grunnlegginga av byen: i følgje historia vart Vilnius bygd etter at den dåverande storhertug Gediminas på ei reise saman med druiden sin hadde ein merkeleg draum der ein jernulv ståande på ein ås hylte opp mot himmelen. Då han bad druiden, krivis Lizdeika, om ei tyding av draumen fekk han til svar at han måtte byggje eit slott på denne åsen, som hadde ei strategisk plassering ved dei tre elvane (Vilnelė, Neris (òg kjend som Vilija) og Vingria (no underjordisk)), og ein stor by omkring åsen slik at denne store byen vil verte viden kjend. I så fall har Gediminas på mange måtar ført det heidenske Litauen tilbake til Mindaugas sitt vestlege og kristne Europa ved å grunnleggje ein hovudstad på same stad der den tidlegare hovudstaden låg samstundes som byen fekk sitt noverande namn.

 
Vilnius i 1576

Byen er første gong omtalt i skriftlege kjelder med det nye namnet Vilnius i 1323. Vilnius vart kjend etter at Gediminas sende eit invitasjonsbrev til tyske handelsmenn. Den opphavlege delen av byen låg rundt slottet bygd av Gediminas på Slottsåsen. Vilnius fekk bystatus i 1387 då han fekk byrettar av Vladislav II Jagello (13861434). Byen var opphavleg folkesett av stadlege rutenarar, men snart byrja innbyggjartalet å vekse og handverkarar og handelsmenn av andre nasjonalitetar slo seg ned i byen.

Mellom 1503 og 1522 vart byen omslutta av ein bymur med ni byportar og tre tårn. Vilnius nådde høgda av utviklinga si under styret til Sigismund II Augustus som flytta hoffet sitt hit i 1544. I dei neste hundreåra utvikla Vilnius seg til stadig å verte ein større og meir moderne by. Denne veksten skuldast delvis grunnlegginga av Vilnius universitet av kong og storfyrst Stefan Bathory i 1579. Universitetet utvikla seg til å verte eit av dei viktigaste vitskapelege og kulturelle sentera i regionen og det viktigaste vitskapelege senteret i Storfyrstedømet Litauen. Sjølvsagt var det politiske, økonomiske og sosiale livet i full sving. Dette vert underbygd av byen sine statuttar frå 1500-talet, der dei siste framleis var i bruk på 1800-talet. I 1769 vart Rasų-gravlunden oppretta; i dag er han ein av de eldste gravlundane i verda.

 
Katedralen i Vilnius frå 1912
Foto: Sergej Prokudin-Gorskij

Vilnius var under Rzeczpospolita i ei rask utvikling og open for innvandrarar frå både aust og vest. Folkegrupper som polakkar, litauarar, kviterussarar, jødar, russarar, tyskarar, karaittar og andre slo seg ned i byen. Kvar gruppe medverka på sin måte og på denne tida var det gode tider for handverk, handel og vitskap. I 1655 vart Vilnius teken av russiske styrkar og byen vart plyndra, brend ned og mange vart drepne. Det tok mange år før byen kom seg att, sjølv om folkemengda raskt var tilbake og på byrjinga av 1800-talet var byen den tredje største i Aust-Europa. Dette tvinga fram nedriving av bymuren og etter perioden 1799-1805 stod berre Aušros Vartai (Morgengryets port) (òg kjend som Miedniki-porten og Ostra Brama) att.

 
Kapell til minne om dei som fall under Januaropprøret, no forsvunne
Foto: Sergej Prokudin-Gorskij

Etter den tredje delinga av Polen i 1795 vart Wilno; det dåverande namnet; annektert av Russland og vart guvernementshovudstad. I 1812 vart byen teken av Napoleon på ferda si mot Moskva. Etter at dette felttoget hadde slått feil trekte hæren seg tilbake til eit område der tusenvis av franske soldatar døydde og vart gravlagde i skyttargravene dei sjølve hadde grave nokre månader tidlegare. Etter novemberopprøret vart universitetet stengt og undertrykkinga stoppa byen si vidare utvikling. Under januaropprøret i 1863 var det harde kampar i byen, men fred og orden vart gjenoppretta av Mikhail Muravjev. Muravjev gjekk under kallenamnet Korikas eller Wieszaciel (Bøddelen) av byen sine innbyggjarar på grunn av alle avrettingane han gav ordre om. Etter opprøret var det slutt på all fridom og litauisk, polsk og kviterussisk vart forbode.

Under den første verdskrigen vart Vilna okkupert okkupert av Tyskland frå 1915 til 1918. I 1919 vart Vilnius proklamert hovudstad i den kortvarige Litauiske og kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikk. Polske styrkar som var rekrutterte av dei lokale innbyggjarane tok byen den 1. januar 1919. Byen vart så erobra av bolsjevikane som kom inn frå aust. Den 19. april 1919 var byen igjen erobra av den polske hæren under Edward Rydz-Śmigły sin kommando, men den 14. juli var han igjen tapt til russiske styrkar. Like etter det russiske tapet i slaget om Warszawa i 1920 overleverte den raude arméen byen over til den nye staten Litauen på vegen sin austover. Men den 9. oktober 1920 erobra Den litauisk-kviterussiske divisjonen i den polske hæren (general Lucjan Żeligowski) byen etter eit arrangert mytteri. Byen og landområda rundt vart proklamert som staten Midt-Litauen og den 20. februar 1922 vedtok parlament deira ei gjenforeiningserklæring og byen vart innlemma i Polen som hovudstad i Wilno fylke.

 
Utsikt over Vilnius i 1912
Foto: Sergej Prokudin-Gorskij

Folkeforbundet sin ambassadørkonferanse godkjende status quo i 1923, sjølv om byen vart verande eit omstridd område mellom Polen og Litauen (der Litauen såg på Vilnius som sin grunnlovsmessige hovudstad). Litauen avstod frå å akseptere polsk overherredøme over Midt-Litauen og ikkje før 1938-ultimatumet godtok litauiske styresmakter de facto nabolandet sine grenser.

For andre gong i historia byrja Wilno ein periode med rask utvikling. Stefan Batory-universitetet vart gjenopna og byen sin infrastruktur vart kraftig utbetra. I 1931 hadde Wilno 195 000 innbyggjarar, som gjorde han til den femte største byen i Polen.

Som eit resultat av Molotov-Ribbentrop-pakta og åtaket på Polen vart byen okkupert av Den raude arméen den 19. september 1939. Berre sporadisk motstand med lokale styrkar fann stad sidan den polske hæren alt var i krig mot Tyskland i andre delar av Polen. Byen var påtenkt som hovudstad i Hviterussland, men etter samtalar i Moskva den 10. oktober 1939 vart byen og omland overført til Litauen mot opprettinga av sovjetiske militærbasar fleire stader i landet. Dei litauiske styresmaktene inntok Vilnius kort tid etter og den litauiske hovudstaden vart gradvis overført hit. Likevel var denne prosessen enno ikkje avslutta då Vilnius igjen vart erobra av Sovjetunionen i juni 1940 og vart hovudstad i Den litauiske sosialistiske sovjetrepublikk. Omkring 35 000–40 000 av innbyggjarane i byen vart arresterte av NKVD og sende til Gulag eller forvisning i Sibir.

I juni 1941 vart byen igjen erobra av Tyskland. Omkring 100 000 innbyggjarar vart drepne i ei massaavretting i i Paneriai, av dei var 95 % lokale jødar. Etter eit mislukka ghetto-opprør som fann stad den 1. september 1943 (Vilna-opprøret) vart ghettoen heilt utsletta. Polske heimestyrkar gjorde òg opprør under Operasjon Ostra Brama, dette er også kjent som Wilno-opprøret.

Etter den andre verdskrigen avgjorde sovjetiske styresmakter å bortvise den polske folkesetnaden frå Litauen og Kviterussland. Denne slutninga vart implementert under den såkalla repatriasjonen og organisert i fellesskap av sovjetiske og polske styresmakter. Når ein ser bort frå at denne repatriasjonen var frivillig og at visse delar av den polske folkesetnaden ikkje deltok i han, var han særs omstridd både menneskeleg og juridisk sett. På denne måten vart byen si folkesamansetjing fullstendig endra og de fleste band mellom byen si fortid og tradisjonar vart brotne.

Desse hendingane påverka den demografiske situasjonen i byen i ein viss grad. Likevel var byen sin vekst i etterkrigsåra den viktigaste faktoren i den demografiske utviklinga. Veksten i dei litauiske byane i denne perioden og den minkande folkesetnaden på landet førte til ein rask folkevekst frå ca 1960. På denne måten vart den demografiske fordelinga av dei ulike etniske folkegruppene i Vilnius meir samanfallande med resten av Litauen. Vilnius vart under sovjetisk styre meir litauisk enn han hadde vore sjølv fleire hundreår tidlegare. På den andre sida er det framleis ei relativt stor polsk folkegruppe der som ivaretek sine tradisjonar.

I byrjinga av 1987 oppstod det massedemonstrasjonar mot sovjetstyret i byen. Den 11. mars 1990 erklærte det øvste sovjet i den litauiske sosialistiske sovjetrepublikken seg sjølvstendig frå Sovjetunionen og gjenoppretta den sjølvstendige Republikken Litauen, som hadde vorte annektert av sovjetarane i 1940. Sovjet reagerte den 9. januar 1991 med å sende troppestyrkar og den 13. januar gjekk sovjetiske styrkar til åtak på den statlege kringkastingsbygningen og Vilnius TV-tårn der 14 personar mista livet og over 700 vart alvorleg skadd. Likevel måtte Sovjetunionen respektere Litauen som eit sjølvstendig land etter augustkuppet same år. Den offisielle godkjenninga kom den 6. september, fire dagar etter at USA gjorde det same. Vilnius hadde då ikkje vore hovudstad i Litauen sidan dei to korte periodane i 1918 og 1920.

Bygningar endre

 
Vilnius sentrum om vinteren
Foto: Chmouel Boudjnah

Sidan Litauen sitt sjølvstende vart godteke av Sovjetunionen i august 1991 har Vilnius både vorte langt meir moderne og vorte ein betre by å bu i for mange. På mindre enn ti år omvandla byen seg frå å vere ein heller grå sovjetisk by til å verte meir lik ein moderne vestleg by.

I dag er Vilnius ein moderne kosmopolitisk hovudstad og han minner på mange måtar om København eller Paris. I byen kan ein studere meir enn 40 kyrkjer. Restaurantar, hotell og museum har dukka opp som paddehattar sidan sjølvstendet, og unge vilniusbuarar forsvarar byen sitt omdøme om å vere den mest gjestfrie byen i verda i følgje det store talet på medlemmer i den internasjonale Hospitality Club.

Gamlebyen endre

Som med dei fleste mellomalderbyar har gamlebyen i Vilnius utvikla seg rundt rådhuset sitt. Hovudgata, Pilies gatve, strekkjer seg frå rådhuset til guvernøren sitt slott. Andre gater slyngjer seg rundt slott som høyrde til føydale storfolk og godseigarar, kyrkjer, butikkar og verkstader. Etter kvart som det mellomalderske Vilnius utvikla seg radielt utvikla det seg tronge og svingete gater og små koselege gardsrom.

Det historiske midtpunktet i Vilnius, gamlebyen, er ein av de største i Aust-Europa (3,6 km²). Dei mest verdifulle historiske og kulturelle bygningane og funnstadene er konsentrert her. Bygningane i gamlebyen – om lag 1500 stykk – vart bygde gjennom fleire hundreår og er derfor ei samling av mange ulike europeiske arkitektoniske stilar. Sjølv om Vilnius ofte vert kalla ein barokkby, vil du òg finne nokre bygningar i gotisk arkitektur, renessanse og andre stilar. Dei viktigaste attraksjonane i byen er Gediminasslottet og Katedralplassen. Saman utgjer dei òg inngangen til hovudstaden sitt historiske sentrum. Sidan Vilnius gamleby er eineståande i sitt slag kom han i 1994UNESCO si verdsarvliste. Like utanfor byen strekkjer eit anna verk seg og som òg ligg på same verdsarvliste, Struvemeridianen.

I 1995 vart den einaste kjende skulpturen av Frank Zappa avduka i sentrum av Vilnius med regjeringa si godkjenning. Det var den litauiske skulptøren Konstantinas Bogdanas, som tidlegare hadde laga byster av Vladimir Lenin, som foreviga Zappa.

Akropolis endre

Eit av de største butikksentera i Nord-Europa ligg i bydelen Šeškinė, og dekker 143 000 m². Det består av tre delar under same tak, Akropolis og dei to mindre delane Ermitazas og Maxima. Akropolis utgjer 110 000 m² av heile senteret og består av 102 butikkar og 8 kinosalar. Ein heil ishockeybane har fått plass inne i senteret sin kafé. Dei to andre senterdelane er Ermitažas som sel mellom anna IKEA-varer, og supermarknaden Maxima med ca. 48 kassar. Butikksenteret held omkring 20 % av all detaljvareomsetning i den litauiske hovudstaden og er ein viktig attraksjon for litauarar frå andre kantar av landet òg.

Transport endre

 
Kong Mindaugas-brua over Neris-elva like sør for katedralplassen.

Vilnius er utgangspunkt for motorvegane Vilnius-Kaunas-Klaipėda og Vilnius-Panevėžys. Sjølv om Neris er framkommeleg, så finst det ingen rutebåtar, og årsaka er delvis at Neris berre er framkommeleg til Jonava-området. Over Vilnius internasjonale lufthamn går dei fleste internasjonale flyruter til dei viktigaste europeiske destinasjonar. Vilnius jernbanestasjon er eit anna viktig kommunikasjonsknutepunkt med jernbanesamband til Klaipeda i vest, Tallinn i nord, Warszawa i sør og Moskva i aust. Byen har òg eit eige jernbanemuseum.

Det finst eit trolleybuss-nett i byen. Det blei gjort framlegg om eit undergrunnsbane- og trikkesystem på 2000-talet, men planane blei ikkje ferdigutvikla.[1]

Venskapsbyar endre

Vilnius er venskapsby med Erfurt og Duisburg i Tyskland, Budapest i Ungarn, Kiev i Ukraina, Pavia i Italia, Madison i dei amerikanske Sambandsstatane, Pireus i Hellas, Joensuu i Finland, Salzburg i Austerrike, Krakow i Polen, Ålborg i Danmark, Taipei i Taiwan og Oslo i Noreg.

Kjende folk frå Vilnius endre

Kjelder endre

  1. Dumalakas, Arūnas (14. jun 2014). «Vilnius palaidojo tramvajaus ir metro idėjas» [Vilnius has buried the tram and metro ideas]. lrytas.lt (på litauisk). Lietuvos Rytas. Henta 30. september 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vilnius