Wilson Bluff
Wilson Bluff er ein stor, heller flatt klippeframspring ved sørenden av Lambertbreen, 30 km vest-nordvest for Mount Borland. Klippa har ein hale av morene som strekkjer seg nordaust i fleire kilometer. Ho vart kartlagt frå flyfoto tekne av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) i 1956 og vitja av ei flybåren feltgruppe leia av G.A. Knuckey i oktober 1958. Klippa vart namngjeven av Antarctic Names Committee of Australia (ANCA) etter H.O. Wilson som var pilot i RAAF ved Mawson-stasjonen i 1958.
Wilson Bluff | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Mac. Robertson Land | ||
- koordinatar | 74°20′S 66°47′E / 74.333°S 66.783°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Wilson Bluff 74°20′00″S 66°47′00″E / 74.3333°S 66.7833°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wilson Bluff» (innhald frå Geographic Names Information System).