Winnebago County i Wisconsin

Winnebago County er eit fylke i den USA-amerikanske delstaten Wisconsin. Fylket ligg aust i delstaten. Winnebago har eit areal på 1 499 km², 363 km² er dekt av vatn. Folketalet er i 2020 kring 170 000. Fylkesadministrasjonen held til i byen Oshkosh.

Midtbyen i Oshkosh

Fylket vart grunnlagt i 1840 og har namn etter folkegruppa som budde i området før den europeiske innvandringa til Nord-Amerika. Ved folketeljinga 2000 vart 52,4% av ibuarane registrert som tyskætta og 6,2% av irsk ætt.

Kjelder

endre