Winston Churchill

Sir Winston Leonard Spencer Churchill (30. november 187424. januar 1965) var ein britisk politikar, offiser og forfattar, mest kjend som statsminister i Storbritannia under andre verdskrigen. Han vann nobelprisen i litteratur i 1953 for bøkene sine om britisk historie og andre verdskrigen.

Winston Churchill
Sir Winston Churchill - 19086236948.jpg
Fødd30. november 1874
Blenheim Palace
Død24. januar 1965 (90 år)
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet konservative partiet i Storbritannia, Det liberale parti, Det konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar, journalist, kunstmålar, historikar, sjølvbiograf, manusforfattar, biograf, statsmann, offiser, skribent
InstitusjonarUniversity of Edinburgh
Utdanna vedHarrow School
Royal Military College, Sandhurst
St George's School, Ascot
Stoke Brunswick School
Salisbury Cathedral School
MorJeanette Churchill
FarRandolph Churchill
EktefelleClementine Churchill
BarnDiana Churchill, Randolph Churchill, Sarah Churchill, Marigold Frances Churchill, Mary Soames
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
Royal Society
Society of the Cincinnati

Winston Churchill tente under seks monarkar, var medlem av 16 parlament og arbeidde under fem statsministrar, og han var sjølv statsminister to gonger. Han blei handelsminister i 1908 og marineminister i 1911. I 1917 blei han ammunisjonsminister, i 1919 krigs- og luftfartsminister og i 1921 koloniminister. 1924-29 var han finansminister. I 1939 blei han utnemnd til marineminister, og i 1940 blei Churchill statmininister etter Neville Chamberlain.

Churchill var også forfattar av 37 bøker fordelt på i alt 58 band, og han rakk å måle over 500 måleri.

BakgrunnEndra

 
Jennie Spencer Churchill med dei to sønene sine, Jack (t.v.) og Winston (t.h.) i 1889.

Churchill var fødd på Blenheim Palace i Oxfordshire.[1] Han var son av politikaren Randolph Churchill, den tredje sonen til hertugen av Marlborough, og Jeanette (Jennie) Jerome, dotter av den amerikanske millionæren Leonard Jerome.[2] Det fullstendige etternamnet hans var Spencer-Churchill, men som far sin sløyfa han Spencer og brukte berre Churchill. På farssida stamma han frå den store engelske generalen John Churchill, den første hertugen av Marlborough.[3] Det at han var halvt amerikansk var noko Churchill seinare ofte spøkte med, særleg i selskap med Franklin Roosevelt.

I 1876 blei farfaren til Churchill, John Spencer-Churchill, utnemnd til visekonge av Irland, som då var del av kongeriket Storbritannia. Randolph blei privatsekretæren hans, og familien flytta til Dublin.[4] Bror til Winston, Jack, blei fødd der i 1880.[5] Gjennom mesteparten av 1880-talet var Randolph og Jennie i røynda separerte,[6] og gutane blei stort sett oppseda av barnepassaren Elizabeth Everest.[7] Då ho døydde i 1895 skreiv Churchill at ho hadde vore den kjæraste og næraste venen hans i alle dei tjue åra han hadde levd.[a][8]

Churchill blei sendt til kostskulen St George's School i Ascot i Berkshire som sjuåring. Her meinte dei han var lite akademisk og hadde dårleg oppførsel.[9] I 1884 flytta han til Brunswick School i Hove, der han gjorde det betre på skulen.[10] I april 1888, som 13-åring, kom han såvidt inn ved den prestisjefylte Harrow School.[11] Faren ønskte å førebu han til ein karrierer i militæret, og dei siste tre åra ved Harrow gjekk han på krigslinja deira.[12] Etter to mislukka forsøk på å koma inn ved Royal Military Academy, Sandhurst, lukkast han på det tredje.[13] Han blei teken opp som kadett i kavaleriet, og byrja i september 1893.[14] Faren døydde i januar 1895, ein månad etter at Churchill gjekk ut frå Sandhurst.[15]

Inn i hærenEndra

I 1895, 20 år gammal, blei han utnemnd til fenrik ved 4th Queen's Own Hussars. Dette regimentet var stasjonert i Bangalore i India, og då Churchill kom dit med båt fekk han ved eit uhell skuldra ut av ledd ved ilandstiginga. Skuldra kom til å gi han problem sidan, tidvis gjekk ho igjen ut av ledd.

 
Unge Winston Churchill i offisersuniform

I India var den viktigaste aktiviteten til regimentet polo, noko som ikkje tiltrekte Churchill; han ivra for meir militære aktivitetar. Churchill brukte ein god del tid på å utdanna seg sjølv ved hjelp av bøker han fekk sende av mor si.

Medan han var stasjonert i India søkte han større utfordringar. I 1895 fekk han og Reggie Barnes permisjon for å reisa til Cuba for å observera kampen til spanske styrkar mot cubanske geriljastyrkar. Churchill fekk ein avtale med avisa Daily Graphic der han skulle skriva om konflikten. Til Churchills store glede kom han for første gang under beskyting, og det på sin tjueeinårsdagen sin. På veg til Cuba besøkte han USA for første gong og blei introdusert for New York-sosieteten av ein av elskarane til mora, William Bourke Cockran. I 1897 hadde Churchill igjen fått permisjon og var på reise for å observera den gresk-tyrkiske krigen, men konflikten enda før han kom ftam. Han fortsette derfor til England, men fekk undervegs høyra om pathanopprøret i Den nordvestlege grenseprovinsen (i dag ein del av Pakistan), og hasta tilbake til India for å delta i felttoget for å slå ned opprøret.

Sjefen for ekspedisjonen, Bindon Blood, lét Churchill delta. Han var med i det seks veker lange felttoget og skreiv samtidig artiklar for avisene The Pioneer og The Daily Telegraph, for ein pris av 5 pund per artikkel. I oktober 1897 var Churchill tilbake i Storbritannia og den første boka hans, The Story of the Malakand Field Force basert på ekspedisjonen han nettopp hadde deltatt i, kom ut i desember same året.

Medan han framleis offisielt var stasjonert i India, freista Churchill å få løyve til å bli med på felttoget som skulle ta tilbake Sudan. Leiaren for ekspedisjonen, lord Kitchener, var negativ, men Churchill brukte forbindelsane sine, og fekk statsminister Salisbury til å senda eit telegram om saka. Til slutt fekk Churchill ei stilling ved 21st Lancers, ein styrke sett saman frå London og ikkje av Kitchener. Churchill var samtidig krigskorrespondent for Morning Post, for 15 pund per artikkel. Medan han var i Sudan deltok Churchill i det som er blitt omtalt som det siste vellykka britiske kavaleriangrepet i slaget ved Omdurman. I oktober 1898 var han tilbake i Storbritannia og byrja arbeidet med tobindsverket The River War, som kom ut året etter.

I 1899 forlét Churchill hæren og byrja freista på ein politisk karriere. Han stilte som kandidat for det konservative partiet i Oldham i eit mellomval det året. Han kom på ein tredjeplass (Oldham hadde på den tida to plassar i underhuset) og blei ikkje vald inn.

Den 12. oktober 1899 braut den andre boarkrigen ut mellom Storbritannia og boarar i Sør-Afrika. Churchill reiste ut som krigskorrespondent for Morning Post med eit honorar på 250 pund for fire månader. Vel framme fekk han plass på eit britisk armert togsett (pansertog). Dette togsettet blei avspora i eit bakhold av boarane. Sjølv om Churchill ikkje var i uniform tok han kommandoen, fekk rydda linja og fekk lokomotivet og halvparten av vognene avstad med såra. Churchill sjølv var ikkje så heldig at han slapp unna, men blei tatt til fange saman med andre offiserar og soldatar og halden i ein krigsfangeleir i Pretoria.

Churchill klarte å rømma frå fangeleiren, og med hjelp frå ein engelsk gruvesjef flykta han over 480 kilometer til portugisisk område i Lourenço Marques (dagens Maputo). Flukta gav han ein viss heltestatus i Storbritannia, samtidig som han fekk kritikk for å ikkje ha venta på to andre som hadde planlagt å flykta saman med han. Churchill reiste med skip til Durban og slutta seg til general Redvers Henry Buller sin hær som var på veg for å komma dei britiske styrkane i Ladysmith til unnsetning, og deretter innta Pretoria.

Denne gangen hadde Churchill ein beordring til The South African Light Horse Regiment, og fortsette samtidig som krigskorrespondent. Han deltok i slaget ved Spion Kop og var blant dei første britiske troppane som braut omleiringa av Ladysmith. Winston og fetteren hans Charles Spencer-Churchill rei i front og tok over ein fangeleir der 52 boarar overgav seg. Churchills to bøker om boarkrigen, London to Ladysmith via Pretoria og Ian Hamilton's March kom ut i mai og oktober 1900. Begge bøkene fekk gode kritikkar og selde godt.

Politisk karriereEndra

Vel tilbake frå Sør-Afrika stilte Churchill igjen som parlamentskandidat for dei konservative i Oldham i valet år 1900. Han vann, men i staden for å delta i opninga av Parlamentet drog han ut på foredragsturné i Storbritannia og USA; noko han tente ti tusen pund på. På den tida var parlamentsmedlemmer ikkje betalte, og Churchill var ikkje ein rik mann. Medan han var i USA blei eit av foredraga introdusert av Mark Twain. Han åt middag med Theodore Roosevelt, men dei to fekk ingen nærare kontakt.

I februar 1901 kom Churchill tilbake til Storbritannia for å delta i Parlamentet og blei del av ei gruppe dissidentar leia av Hugh Cecil, omtalt som «hooligans». Churchill fekk merksemd ved å imøtegå regjeringsforslaget om løyvingar til hæren der han argumenterte mot unødvendig bruk av pengar på forsvaret. I 1903 fjerna han seg frå gruppa til Cecil, og var samtidig skeptisk til dei liberale leiaren i unionistane Joseph Chamberlain som var for ein proteksjonistisk politikk. Då dei liberale var i koalisjon med dei konservative blei resultatet at hans eigne distanserte seg frå han: konservative forlét salen når han talte. Valkrinsen hans Oldham tok avstand frå han, men han fortsette å representera han fram til neste val.

I 1904 hadde Churchill si misnøye med dei konservative og draging hans mot dei liberale blitt så sterk at han bytta parti og gjekk over til dei. Som medlem av det liberale partiet fortsette han å kjempa for frihandel. Ved valet i 1906 stilte han for valkrinsen Manchester North West, og vann ein plass. Frå 1906 til 1922 var han medlem av Underhuset vald for Det liberale partiet.

Frå 1903 til 1905 var Churchill òg engasjert med å skriva ein biografi over faren sin i to bind, Lord Randolph Churchill. Boka kom ut i 1906 og fekk strålande meldingar.

I regjeringEndra

 
Karikatur av Churchill som marineminister

I desember 1905 tok dei liberale under Henry Campbell-Bannerman over regjeringsmakta, og Churchill kom inn i regjeringa som viseminister for koloniane (Under-Secretary of State for the Colonies). Av det Churchill arbeidet med var forfatningar for boarrepublikkane og spørsmålet om bruk av kinesarar i den sørafrikanske gruveindustriet. Churchill blei òg ein leiande talsmann for frihandel, og han blei raskt den leiande medlemmen i regjeringa utanfor kabinettet. Då statsminister Campbell-Bannerman blei avløyst av Herbert Asquith var det inga overrasking at Churchill gjekk inn i kabinettet som leiar av «Board of Trade» (handels- og industridepartementet). På den tida var det eit krav at ein nyutnevnt kabinettminister måtte søka attval ved eit mellomval. Churchill tapte plassen sin for Manchester til ein konservativ representant, men blei kort tid etter vald inn i eit anna mellomval for Dundee. Som leiar for Board of Trade gjekk Churchill, saman med finansministeren David Lloyd George, inn for radikale sosiale reformer.

 
Churchill ved omleiringa i Sidney Street, 3. januar 1911

I 1910 blei Churchill forfremma til innanriksminister (Home Secretary), der han blei kontroversiell ved den aktive deltakinga si i Sidney Street-omleiringa. Eit berømt fotografi viser ein ivrig Churchill som personleg tar kommando over ei gruppe soldatar. I kampens heite tok bygningen der anarkistane hadde forskansa seg fyr, og Churchill nekta brannvesenet tilgang: anarkistane måtte overgje seg eller døy. Mange var kritiske til Churchill si rolle, mellom anna Arthur Balfour som sa:

Churchill og ein fotograf risikerte begge verdifulle liv. Eg forstår kva fotografen gjorde der, men kva hadde den æra parlamentsmedlemmen der å gjera?

I 1910 var Churchill òg involvert i Tonypandyopptøyane i Wales. Churchill heldt først tilbake bruken av troppar ettersom han frykta ei gjentaking av «Bloody Sunday» i 1887 på Trafalgar Square. På trass av det blei troppar etter kvart utplasserte for å verna gruva opptøyane dreidde seg om, og som ei sikring då tretten streikande blei stilte for retten. Dette braut med tradisjonen om å ikkje bruka militære styrkar i slike sivile konfliktar og gjorde Churchill upopulær i Wales.

 
Churchill med bataljonen sin på vestfronten

I 1911 blei Churchill marineminister og engasjerte seg ivrig i utvikling og reform; mellom anna bruk av fly, utvikling av stridsvogner og overgang frå bruk av kol som drivstoff til olje. Utviklinga av stridsvogner skulle visa seg å vera ein genistrek, men i utviklingsperioden blei ho av nokre sett som misbruk av midla til staten.

Fyrste verdskrigen braut ut i 1914. I 1915 var Churchill ein av pådrivarane for den katastrofale landinga ved Dardanellane og Slaget om Gallipoli. Churchill måtte ta mykje av kritikken for fiaskoen, og då statsminister Asquith danna ein koalisjonsregjering var eit av krava frå dei konservative at Churchill skulle gå av som marineminister. I fleire månader hadde han ei mindre betydeleg stilling fram til han tok avskjed. Han gjekk tilbake til hæren og tenestegjorde i fleire månader på vestfronten som sjef for infanteribataljonen 6th Batallion Royal Scots Fusiliers med rang som oberstløytnant.

I desember 1916 gjekk Asquith av som statsminister og blei erstatta av David Lloyd George. I 1917 blei Churchill utnemnd til ammunisjonsminister, i 1919 krigs- og luftfartsminister og i 1921 koloniminister. I 1920 hadde Churchill ansvaret for å slå ned opprøret frå kurdarar og arabarar i britisk-okkupert Irak. Eit av midlene han støtta for å halda kontrollen over det oljerike landet var flybombing, også med gass.[16] I 1921 var han med på å underskriva den anglo-irske traktaten som etablerte Den irske fristaten.

I 1922 fekk det liberale regjeringspartiet stadig større interne problem, og Churchill tapte parlamentsplassen sin for Dundee. Churchill stilte igjen for dei liberale i ein annan krins året etter, men tapte på nytt. Churchill var samtidig politisk på veg tilbake dit han kom frå, og stilte igjen som kandidat ved eit mellomval, men no som uavhengig, og tapte for tredje gong på to år. Nokre månader etter, i 1924, stilte han igjen som uavhengig, men med støtte frå dei konservative og blei vald inn frå Epping (Essex). I 1925 slutta han seg formelt til dei konservative.

Churchill blei med i Stanley Baldwin si regjering og var finansminister frå 1924 til 1929. Storbritannia forsøkte no å gå tilbake til «gullstandarden». Dette resulterte i deflasjon, arbeidsløyse og streikar som munna ut i generalstreiken i 1926. Forsøket på å gjenoppretta «gullstandarden» møtte sterk motstand også frå økonomar, blant anna frå John Maynard Keynes. Churchill skulle seinare sjå dette som ei av dei dårlegaste avgjerslene sine. Han var ingen økonom, og handla etter råd frå guvernøren for Bank of England. Han kom òg med positive utsegner om styret til fascistleiaren Benito Mussolini. Mellom anna sa han at ein «i Italia hadde vist heile verda korleis undergravande krefter skulle behandlast». Churchill såg på den tida Mussolini som ein garantist mot kommunistisk revolusjon i Italia.

I 1929 tapte dei konservative valet. I åra som følgde fekk Churchill konfliktar med partiet over spørsmål om vernetoll og sjølvstyre for India. Churchill var framleis ein ivrig forkjempar for frihandel, og var sterkt imot indisk sjølvstyre. Han hadde berre forakt for leiaren av sjølvstyrerørsla, Mahatma Gandhi. Han uttalte at Gandhi var:

ein halvnaken fakir som burde leggast med hender og føter bundne, ved porten til Dehli, for så å bli tråkka på av ein enorm elefant med visekongen på ryggen.

Ramsay MacDonald saman med dei konservative danna ei nasjonal regjering i 1931 var Churchill ikkje invitert til å delta. Han var no på det lågaste punktet i den politiske karrieren sin, kjent som «åra i villmarka». Han brukte dei neste åra på å skriva, mellom anna ein biografi om stamfaren til slekta Marlborough, John Churchill; Marlborough: His Life and Times, og byrja A History of the English Speaking Peoples (den siste boka kom fyrst ut på 1950-talet). Han markerte seg offentleg med kampen sin mot sjølvstyre for India.

Andre verdskrigenEndra

Etter den nasjonalsosialistiske maktovertakinga i Tyskland i 1933 blei Churchill opptatt av faren for tysk gjenopprusting. Ei stund var han ein av få som arbeidde for å styrka britisk forsvar mot tysk opprusting. Churchill var sterkt kritisk til Neville Chamberlain sin tilpassingspolitikk til Hitler sine framstøyt på kontinentet, og leia den delen av det konservative partiet som var mot Chamberlain sin avtale med Hitler i München. Churchill var òg ein støttespelar for kong Edvard VIII. Etter at Edvard abdiserte førte sambandet til at han blei om mogleg endå meir politisk isolert.

Då han andre verdskrigen braut ut i september 1939, fekk Churchill igjen stillinga som marineminister og blei medlem av krigskabinettet, som han hadde vore under første verdskrigen. I denne stillinga var han ein av dei høgast profilerte ministrane under den såkalla Phony War, der det meste av krigsaktiviteten var på havet. Churchill argumenterte sterkt for å skaffa kontroll over dei svenske malmfelta og den norske utskipingshamna Narvik. Chamberlain og resten av krigskabinettet var imot, og operasjonen blei utsett til Tyskland invaderte Noreg i april 1940.

 
Winston Churchill

Chamberlain sin autoritet var allereie svekka, og den tyske erobringa av Noreg blei banen hans. Under den berømte Norway Debate fekk han Underhuset mot seg, og den 10. mai 1940 trekte han seg tilbake. Lord Halifax blei beden om å ta over stillinga som statsminister, men sa nei. Etter møte med dei to andre partia i parlamentet blei Churchill beden om å ta over stillinga og danna ei samlingsregjering med dei konservative, dei liberale og Arbeidarpartiet. Churchill blei statsminister den 13. mai 1940. Han var då 66 år gammal.

Churchill sine taler var viktige middel i kampen hans for å halda den britiske moralen oppe. I den fyrste talen sin som statsmnister uttalte han at han kunne ikkje lova det britiske folket anna enn «blod, sveitte og tårer». Kort tid etter denne kom to andre velkjende talar som han gav rett før slaget om Storbritannia. Ein av talane hadde den kjente setningen «Me skal forsvara øya vår, uansett kva det vil kosta. Me skal kjempa på strendene, me skal kjempa på landingsplassane, me skal kjempa på markene og i gatene, me skal kjempa på åsae; me skal aldri overgje oss.» Medan slaget om Storbritannia var på det mest intense kom han med den berømte vurderinga av situasjonen: «Aldri i historia om menneskeleg konflikt har så mange hatt så få å takka for så mykje.» Eit anna av dei velkjende oratoriske meisterverka hans blei halde den 10. november 1942 då amerikanske og britiske troppar hadde omringa Casablanca i Afrika. Mange meinte dette var slutten på krigen, men Churchill sa: «Dette er ikkje slutten. Det er ikke ein gong byrjinga på slutten. Men det er, kanskje, slutten på byrjinga.»

Chamberlain si regjering var blitt kritisert for å ikkje ha ein minister som var ansvarleg for krigføring. Som statsminister overtok Churchill også stillinga som forsvarsminister. Han gav den gode venen sin Max Aitken (Lord Beaverbrook), ein kjend industrimann, ansvaret for flyproduksjon. Dette viste seg å vera eit heldig val, og flyproduksjonen auka raskt.

Churchill hadde stor sjølvtillit, og meinte sjølv at han var ein like stor hærførar som forfaren John Churchill. Dette gav utslag i spektakulære planar som ikkje alltid var kopla til røyndommen. Stabssjefen hans, general Alan Brooke, fekk i oppgåve å forklare krigsrealitetane for Churchill. Han var en stor strateg og lojal i høve til statsministeren sin, men fann oppgåva særs vanskeleg.

Etter at Frankrike kapitulerte var det heilt avgjerande for Storbritannia å få støtte frå det nøytrale USA. Landet forsynte Storbritannia med mat, olje og krigsmateriale, frakta på skip over Atlanterhavet. Churchill gjorde mykje for å pleia det personlege forholdet til den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt, og blei svært letta då Roosevelt blei gjenvald i presidentvalet i 1940.

I løpet av krigsåra hadde Churchill i alt tolv strategiske konferansar med Roosevelt. Møta blei stort sett haldne i USA, men dei hadde òg konferansar i Casablanca, Kairo, Teheran og Jalta. Av sakene dei diskuterte og bestemte var «Atlanterhavserklæringa», strategien med Europa fyrst, og Fråsegna om Dei sameinte nasjonane som skulle opprettast etter krigen. For å kunna slå til mot tyskarane tidlegast mogleg tok Churchill initiativet til Special Operations Executive, ein styrke som planla og gjennomførte sabotasjeaksjonar i tyskokkupert Europa. Churchill var òg pådrivar for etablering av såkalla commandos, spesielt utvalde og trente soldatar som danna grunnlag for det ein i dag kallar spesialstyrkar.

Helsa til Churchill tok skade av arbeidspresset. Under eit besøk i USA i desember 1941 fekk han eit lite hjarteinfarkt, og i desember 1943 blei han sengeliggende grunna influensa.

Churchill var delaktig i utarbeiding av avtalar som skulle få vidtgående konsekvensar for landegrenser i Europa og Asia. Reviderte europeiske grenser blei offisielt bestemte av Truman, Churchill og Stalin ved Potsdamkonferansen i juli 1945. Dei nye grensene som dei allierte dikterte for Polen (Curzonlinjen mellom Polen og Sovjetunionen og Oder-Neisse-linja mellom Tyskland og Polen) blei sett på som eit svik av polakkane. Churchill var likevel overtydd om at den einaste måten ein kunne unngå framleis spenning mellom dei to landa på var ei blanding av grensejustering og etnisk reinsing. I ein debatt i underhuset i 1944 sa han:

Deportasjon er den metoden som, så langt me kan sjå, vil vera den mest tilfredsstillande og permanente. Det vil ikkje lenger vera noka blanding av folkegrupper som vil skapa uendeleg med problem... Det vil feiast reint. Eg er ikkje bekymra over desse overføringane, som er lettare gjennomførbare i dei moderne tidene våre.

Som statsminister fortsette Churchill å motarbeida den indiske sjølvstyrerørsla leia av Mahatma Gandhi. I 1943 var det ei katastrofal hungersnaud i Bengal. Den kjente økonomen Amartya Sen har anslått at rundt tre millionar døde, og at katastrofen var eit resultat av ulik distribusjon av mat og manglande kjøpekraft, ikkje av faktisk matmangel. Då spørsmålet om naudhjelp til dei hungersramma blei diskutert i kabinettet, kom Churchill med eit utbrot om «indarar som formeira seg som kaninar og blei betalte millionar kvar dag av oss utan å gjera nokon innsats i krigen». India deltok med rundt 2 millionar soldatar, hadde om lag 36 000 døde, 64 000 såra. Indiske soldatar fekk i alt 30 victoriakrossar.

FredstidEndra

Sjølv om det ikkje var tvil om Churchills rolle som leiarskikkelse i kampen mot nazi-diktaturet, hadde han mange fiendar i heimlande. Den velformulerte forakten hans for ei rekke populære forslag, særleg offentleg helseteneste og betre utdanning for fleirtalet av befolkninga, skapte mykje misnøye; særleg blant dei som hadde kjempa i krigen. Rett etter at krigen i Europa var over, blei Churchill grundig slått i parlamentsvalet av arbeidarpartiet under Clement Attlee. Nokre historikarar meiner at mange britar meinte at denne mannen som hadde leia nasjonen så godt i krig, ikkje var den beste leiaren i fredstid. Andre ser nederlaget til Churchill som ein reaksjon retta mot politikken til dei konservative i mellomkrigstida.

Winston Churchill var ein tidleg tilhengjar av dei paneuropeiske strøymingane som etter kvart førte fram til danninga av Den europeiske unionen; som ei anerkjenning av dette blei ein av dei tre bygningane til Europaparlamentet kalla opp etter han. EU reknar han som ein av grunnleggjarane sine.[17]

Ved byrjinga av den kalde krigen var det Churchill som gjorde uttrykket «Jernteppet» kjent (uttrykket var fyrst blit brukt av den tyske politikaren Lutz Schwerin von Krosigk). Det kjente omgrepet for skiljet mellom aust og vest i Europa blei velkjent etter ein tale Churchill heldt i Westminster College i Missouri der han var gjest av president Harry S. Truman. Churchill erklærte:

Frå Szczecin ved Austersjøen til Trieste ved Adriahavet har eit jernteppe senka seg over kontinentet. Bak den linja ligg alle hovudstadene i dei eldgamle statane i Sentral- og Aust-Europa. Warszawa, Berlin, Praha, Wien, Budapest, Beograd, București og Sofia, alle desse kjende byane og folka rundt dei ligger i det eg må omtala som sovjetisk område.

Statsminister igjenEndra

Etter nederlaget i 1945 brukte Churchill mykje tid på å skriva, men han var samtidig leiar for den konservative opposisjonen i Parlamentet. Ved valet i 1951 tapte arbeidarpartiet valet og dei konservative kom igjen til makta med Churchill som statsminister, 76 år gammal. Den tredje regjeringa hans (etter samlingsregjeringa under krigen og ei kortvarig overgangsregjering i 1945) varte til han trekte seg tilbake, grunna dårleg helse, i 1955. I løpet av denne perioden fornya han det han kalla «det spesielle forholdet» mellom Storbritannia og USA, som hadde vore ein grunnpilar i den fyrste regjeringa hans.

Perioden vart prega av ei rekke utanrikspolitiske kriser, ofte eit resultat av at det britiske imperiet var i ferd med å gå i oppløysing. Som ein ivrig talsmann for Storbritannia som ei stormakt, freista Churchill vanlegvis å løysa slike problem med maktbruk.

I Kenya hadde det i fleire tiår vore stadig aukande misnøye med urettferdig distribusjon av jordbruksland og manglande demokratiske rettar for fleirtalet. Då reformforslag vart avviste i 1951, førte det til ei radikalisering av kampen. Utover i 1952 var det ei stadig aukande valdsbølgje. Den 17. august 1952 blei det erklært unntakstilstand og britiske troppar blei flogne inn for å møta opprøret. Både den britiske kolonimakta og opprørarane eskalerte angrepa sine, og det utvikla seg borgarkrig som er blitt kjent som Mau Mau-opprøret.

I 1953 fann det stad ein massakre i Lari: Mau Mau-opprørarar angreip kikuyuar som var lojale overfor kolonimakta. Massakren endra bildet av opprøret og gav britane eit overtak i opinionen. Churchill sin strategi var å bruka militær makt kombinert med å innføra mange av dei reformene regjeringa til Attle hadde avslått i 1951. Han beordra auka bruk av troppar som etter kvart fekk slått ned opprøret i Nairobi og ved bruk av harde middel som mellom anna konsentrasjonsleirer, blei det nøytralisert på landsbygda. Churchill tok initiativ til fredsforhandlingar, men desse braut saman kort tid etter at han forlét statsministerposten.

I Malaysia hadde eit opprør bygd seg opp sidan 1948. Nok ein gang arva Churchill si regjering ei krise og denne blei igjen møtt med «pisk og gulrot», militær makt og reformer. Samtidig som britane militært freista å slå til mot opprørarane, etablerte dei sikre landsbyar som utsette delar av befolkninga blei flytta til. Ein slik kontroll av befolkninga hadde røter tilbake til den britiske kampen mot boaropprøret ved hundreårsskiftet.

Krisa i Malaysia var meir omfattande enn den i Kenya, geriljarørsla hadde sovjetisk støtte og på det mest intense var rundt 35 000 britiske troppar stasjonerte i landet. Britane klarte etter kvart å slå ned opprøret, men det stod klart for kolonimakta at tida hennar var over. I 1953 blei det lagt planar for sjølvstende for Singapore og dei andre britiske koloniane i området. Dei første vala blei haldne i 1955, berre dagar før Churchill gjekk av som statsminister, og i 1957 blei Malaysia uavhengig.

I 1953 var Churchill blitt ramma av hjerneslag som var alvorlege nok til å fråta han arbeidsevna i fleire månader. Anthony Eden hadde lenge vore utpeika som etterfølgjer til statsministerembetet, men han var sjølv alvorleg sjuk i denne perioden og kunne derfor ikkje tvinga fram ein avgang. Sjølv håpte Churchill å bli frisk nok til å kunna fungera i embetet igjen, og tviheldt derfor på makta. I mellomtida lét han svigersonen sin, Christopher Soames, ta hand om arbeidsoppgåvene til statsministeren, men i all løyndom, for å halda sjukefråveret til Churchill skjult for offentlegheita. Dette innebar at Soames underteikna alle papir i Churchill sitt namn. Churchill vende etter kvart tilbake i embetet, men var merkbart svekka. Eden blei frisk igjen og la nytt press på Churchill for å få han til å tre tilbake. Avgangen til Churchill kom omsider i april 1955, då han var over 80 år gammal, og han blei som venta følgd av Eden.

Winston Churchill var kjend som ein vittig og intelligent debattør og talar, og det finst tallause sitat, fråsegner og vittige merknader som kan tilskrivast han.

Churchill fekk Nobelprisen i litteratur etter at han gav ut The Second World War. I 1948 blei han òg tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

AnnaEndra

Ein Winston Churchill er au namnet på ein sigar frå Cuba.

BibliografiEndra

  • My Early Life (1930)
  • The Story of Malakand Field Force (1898)
  • The River War (1899)
  • Lord Randolph Churchill (1906)
  • The World Crisis (1923-29)
  • Marlborough: His Life and Times (1933-38)
  • The Second World War (1948-54).
  • A History of the English-Speaking Peoples (1954-58)

Sjå auEndra

MerknadarEndra

  1. "she had been my dearest and most intimate friend during the whole of the twenty years I had lived".

KjelderEndra

  1. Jenkins 2001, s. 5.
  2. Best 2001, s. 4; Jenkins 2001, s. 5–6; Addison 2005, s. 7.
  3. Gilbert 1991, s. 1; Jenkins 2001, s. 3, 5.
  4. Gilbert 1991, s. 1; Addison 2005, s. 9.
  5. Gilbert 1991, s. 2; Jenkins 2001, s. 7; Addison 2005, s. 10.
  6. Jenkins 2001, s. 8.
  7. Gilbert 1991, s. 2–3; Jenkins 2001, s. 10; Reagles & Larsen 2013, s. 8.
  8. Best 2001, s. 6.
  9. Gilbert 1991, s. 3–5; Haffner 2003, s. 12; Addison 2005, s. 10.
  10. Gilbert 1991, s. 6–8; Haffner 2003, s. 12–13.
  11. Gilbert 1991, s. 17–19.
  12. Gilbert 1991, s. 22; Jenkins 2001, s. 19.
  13. Gilbert 1991, s. 32–33, 37; Jenkins 2001, s. 20; Haffner 2003, s. 15.
  14. Gilbert 1991, s. 37; Jenkins 2001, s. 20–21.
  15. Gilbert 1991, s. 48–49; Jenkins 2001, s. 21; Haffner 2003, s. 32.
  16. Jonathan Glancey (19. april 2003). «Our last occupation». The Guardian. 
  17. Anonymous (16. juni 2016). «Grundlæggerne af EU - Europæiske Union - European Commission». Europæiske Union (engelsk). Arkivert frå originalen 2018-12-25. Henta 6. juni 2018.  Både |archive-date= og |arkiv-dato= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både |archive-url= og |arkiv-url= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)

BibliografiEndra


BakgrunnsstoffEndra