Winter Light av Linda Ronstadt

Winter Light
Studioalbum av Linda Ronstadt
Språk engelsk
Utgjeve 23. november 1993
Innspelt 1993, The Site i San Rafael; Skywalker ranch i California
Sjanger
Lengd 37:06
Selskap Elektra/WEA International
Produsent George Massenburg, Linda Ronstadt
Linda Ronstadt-kronologi 
Frenesí
(1992)
Winter Light Feels Like Home
(1995)


Singlar frå Winter Light
  1. «Heartbeats Accelerating»
    Utgjeve: Desember 1993
  2. «Winter Light»
    Utgjeve: Januar 1994
  3. «Adónde Voy»
    Utgjeve: Februar 1994
  4. «A River for Him»
    Utgjeve: Mars 1994
  5. «Oh No Not My Baby»
    Utgjeve: Mars 1994

Winter Light er det nittande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut seint i 1993.

Historie endre

Winter Light var det første soloalbumet til Ronstadt sidan Don't Cry Now som ikkje var produsert av Peter Asher. Ho valde å produsere seg sjølv i lag med George Massenburg. Ronstadt gjekk for ein stil med lag på lag med lyd i ein Enya-aktig New Age-stil, som på Anna McGarrigle sin «Heartbeats Accelerating» — den første hitsingelen på albumet — og Brian Wilson sin «Don't Talk (Put Your Head on my Shoulder)». Det vart laga ein musikkvideo til «Heartbeats Accelerating». Songen «Oh No Not My Baby» gjekk inn på topp 30 på Adult Contemporary-lista våren 1994.

Tre av songane var opphavleg sungne av kvinner i 1960-åra - «Anyone Who Had A Heart», «Oh No Not My Baby» og «I Just Don't Know What to Do with Myself» - som tidlegare var blitt spelt inn av Dusty Springfield. Ronstadt valde ut klassiske komposisjonar av forskjellige låtskrivarar som Burt Bacharach, Carole King og Jimmy Webb, i tillegg til meir moderne låtskrivarar som Tish Hinojosa.

Tittelsporet vart nytta i filmen The Secret Garden, men var ikkje med på filmmusikkalbumet som kom ut etter filmen i 1993.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [1]
Los Angeles Times    [4]
Q     [2]
Rolling Stone     [3]

Rolling Stone gav albumet fire av fem stjerner. Det selde derimot skuffande og nådde berre 92. plassen på Billboard-lista, og selde kring 250 000 eksemplar i USA.

Allmusic-kritikaren Jose Promis skreiv «Winter Light kan utan tvil reknast som det beste popalbumet til Linda Ronstadt i 1990-åra. Det er ingen dårlege spor på dette godt produserte albumet. Faktisk vert det betre ved kvar gjennomlytting. Dette undervurderte albumet er rett og slett ein juvel, og eit must for fans av songaren.» Dei gav likevel berre tre av fem stjerner til albumet.[1]

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Heartbeats Accelerating»Anna McGarrigle3:49
2.«Do What You Gotta Do»Jimmy Webb3:24
3.«Anyone Who Had a Heart»Burt Bacharach, Hal David3:26
4.«Don't Talk (Put Your Head on My Shoulder)»Brian Wilson, Tony Asher3:15
5.«Oh No Not My Baby»Gerry Goffin, Carole King3:05
6.«It's Too Soon to Know»Deborah Chessler2:30
7.«I Just Don't Know What to Do with Myself»Burt Bacharach, Hal David3:11
8.«A River for Him»Emmylou Harris4:31
9.«Adonde Voy»Tish Hinojosa3:09
10.«You Can't Treat the Wrong Man Right»Jimmy Webb3:29
11.«Winter Light»Eric Kaz, Linda Ronstadt, Zbigniew Antoni Preisner3:17
Total lengd:37:06

Medverkande endre

Musikarar

Teknisk

  • George Massenburg – produsent, lydteknikar, miksing
  • Linda Ronstadt – produsent, miksing, lydteknikar
  • Peter Asher – medprodusent (spor 1 & 4)
  • Steve Tyrell – medprodusent (spor 3, 5, 6 & 7)
  • Kevin Scott – assisterande lydteknikar
  • Craig Silvey – assisterande lydteknikar
  • Doug Sax – mastering
  • Gavin Lurssen – mastering
  • John Kosh – kunstnarisk leiar, design
  • Robert Blakeman – fotografi


Studio

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Promis, Jose F. «Winter Light - Linda Ronstadt». Allmusic. Henta 8. desember 2020. 
  2. «Linda Ronstadt - Winter Light CD Album». CD Universe. Henta 8. desember 2020. 
  3. Galvin, Peter (9. desember 1993). «Winter Light». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. august 2016. Henta 8. desember 2020. 
  4. Willman, Chris (5. desember 1993). «Album review: Linda Ronstadt, Winter Light». Los Angeles Times. Henta 8. desember 2020.