Wolfgang Schmidt (fødd 16. januar 1954) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar fødd i Aust-Berlin. Han er mest kjend som diskoskastar, ei øving han vann EM-gull i 1978, OL-sølv i 1976 og EM-bronse i 1982, men deltok også i kulestøyt på høgt nivå.

Wolfgang Schmidt


Wolfgang Schmidt i 1977

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 16. januar 1954 (70 år)
Aust-Berlin
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976

Aktiv endre

Schmidt vart junior-europameister i diskoskast i 1973. I 1974 sette han personleg rekord med 64,10 m og deltok for DDR i europameisterskapen, der han vart nummer åtte. To år seinare tok han sølvmedaljen i diskostevlinga under sommarleikane i Montreal. I 1978 vann han gullmedaljen i diskos under friidretts-EM i Praha, der han i tillegg kom på fjerdeplass i kuletevlinga. Same sesongen sette han verdsrekord i diskoskasting med 71,16 meter.

I 1982 mislukkast Schmidt i å gjennomføre eit fluktforsøk frå Aust-Tyskland. Han sat fengsla eit års tid, men fekk i 1987 utreiseløyve. Schmidt busette seg i Vest-Tyskland og representerte landet i friidrett til 1992. Han tok ein EM-bronse i diskoskast i Split i 1990.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Schmidt utvandra seinare til USA og delstaten California.

Kjelder endre