Opna hovudmenyen

Wolverhampton
City of Wolverhampton

Sentrum av Wolverhampton
Sentrum av Wolverhampton
Kallenamn
«W'ton, Wolves, Wolvo»
Motto
«Out of darkness cometh light»
(Ut av mørket kjem lys)
Plassering
Wolverhampton is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap West Midlands
Grunnlagd 985
Borgarmeister Rob Marris
Geografi
Flatevidd
 - By

69,44 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik
 - Storbyområde

236 400
  3 404,4 /km²
2 284 903
Koordinatar 52°35′0″N 2°08′0″WKoordinatar: 52°35′0″N 2°08′0″W
Diverse annan informasjon
Postnummer WV
Telefon-retningsnummer 01902
Nettstad: www.wolverhampton.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wolverhampton

Wolverhampton er ein by og eit administrativt distrikt i West Midlands i England. Det høyrde til tradisjonelt Staffordshire. 18. desember 2000 fekk byen innvilga status som city, som ein av tre byar som fekk denne statusen i samband med tusenårsskiftet.

Byen har namn etter Lady Wulfruna, som grunnla byen i 985, og det tyder «Wulfrunas by på høgda» (heaneton tyder «by på ei høgd»). Namnet blir ofte forkorta til W'ton eller Wolves. Byen har òg eit tradisjonsrikt fotballag i Wolverhampton Wanderers FC.

GeografiEndra

Wolverhampton ligg nordvest for den større naboen sin Birmingham, og er den nest største delen av det urbane beltet i West Midlands. Mot nord og vest ligg landsbygda i Shropshire og Staffordshire. Han er den 13. største byen i England. I motsetnad til mange andre byar med city-status har ingen andre større byar vorte innlema i han, og som distrikt er han berre det 44. største.

Området som tradisjonelt blir assosiert med Wolverhampton strekkjer seg langt utanfor distriktsgrensene, og inkluderer område i Walsall, Sandwell og Dudley, og dessutan delar av South Staffordshire. Hadde dei gamle grensene, definert som ein Royal Peculiar mellom 1479 og 1846, framleis vore i bruk ville folkesetnaden vore omtrent like stor som i Manchester.

Delar av byen, men ikkje sentrum, ligg i Black Country, eit område som er kjent for gruvedrift. Det er difor uklart om byen skal reknast med til Black Country eller ikkje. Den regionale utviklingsstyringsmakta Black Country Development Corporation har med heile byen i området han arbeider for.

Området innanfor distriktet inkluderer blant anna Bilston, Wednesfield og Tettenhall.

HistorieEndra

I saksisk tid vart det grunnlagt eit kloster i Wolverhampton av lady Wulfruna. Det vart konsekrert i 994. På staden der klosteret låg finn ein no St. Peterkyrkja frå 1425. Utanfor kyrkja står sir Charles Wheeler sin statue av Wulfruna.

Innan 1200-talet hadde Wolverhampton vorte ein travel marknadsby. Han var særleg kjend for handel med ull, noko som er tydeleg i våpena til byen som har ein ullballe og dessutan i dei mange gatenamna som inneheld ordet fold, 'tøystykke' (mellom anna Blossom's Fold, Farmer's Fold, Townwell Fold og Victoria Fold), for ikkje å nemne Woolpack Street.

På 1500-talet etablerte metallindustrien seg i byen, særleg i form av lås- og nøkkelsmedar og arbeid i smijarn og messing.

Området rundt byen vart på 1800-talet kjent som Black Country på grunn av ureining frå industrien som dekte området med svart sot. I viktoriansk tid voks byen og vart velståande på grunn av dei mange føretaka som vart trekte dit av det gode tilgjenget på kol og jarn. Ein finn fleire store hus bygde av rike industriherrar frå denne perioden; mange andre slike hus vart rivne i 1960- og 1970-åra. På 1800-talet var det stor innvandring frå Wales og Irland til byen, og fordi det har vore jamleg vekst nesten heile tida har dette halde fram med nye grupper, spesielt frå Karibia, Søraust-Asia, Afrika og Aust-Europa. Byen har dimed fått eit sterkt fleirkulturelt preg.

I 1866 viste dronning Victoria seg offentleg for fyrste gong etter at prins Albert døydde då ho avduka ein statue av prinsen. Han står på Queen Square, og er lokalt kjend som «the Man on the Horse» («Mannen på hesten»). For å gje dronninga ein staseleg inntreden i byen vart det bygd ein 12 meter høg portal av kol. Dronninga vart så nøgd med statuen at ho slo borgarmeisteren, sir John Morris, til riddar.

Queen Square heitte tidlegare Market Square, men vart omdøypt etter at dronninga gjesta byen. Før det igjen heitte området High Green. Dei samansvorne i Krutsamansverjinga i 1605 vart, med unnatak av Guy Fawkes, stilte føre retten i Wolverhampton og hengde på High Green.

Det første automatiske trafikklyset i England vart installert på Princes Square i 1927. Dei moderne trafikklysa der har gamaldagse stripete stolpar til minne om dette.

Jarnbana nådde byen i 1837, med stasjon ved dagens Heath Town. Denne stasjonen vart riven i 1965, og området er no eit naturreservat like ved Powell Street.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Wolverhampton