Worcester i Massachusetts
(Omdirigert frå Worcester i USA)
Worcester er ein by i Worcester County i Massachusetts i USA ved Blackstone River. Han er kalla opp etter Worcester i England og har litt over 180 000 innbyggjarar og den nest største byen i New England.[1]
Worcester | |||
---|---|---|---|
Sentrum i Worcester med rådhuset (1898) til høgre | |||
| |||
Kallenamn «The City of the Seven Hills, The Heart of the Commonwealth, Wormtown, Woo-town, The Woo» | |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | USA | ||
Delstat | Massachusetts | ||
Fylke | Worcester County | ||
Grunnlagd | 1673 | ||
Borgarmeister | Joseph C. O'Brien | ||
Geografi | |||
Koordinatar | 42°16′N 71°48′W / 42.267°N 71.800°W | ||
Høgd over havet | 146 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
Eastern (UTC-5) Eastern (UTC-4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 01601–01610, 01612–01615, 01653–01655 | ||
Telefon-retningsnummer | 508, 774 | ||
Heimeside: www.worcesterma.gov |
Worcester ligg om lag 64 km vest for Boston. Byen er kjend som ein mølleby. Byen har maskin- metall-, våpen-, tekstil- og papirindustri, samt framstilling av ler- og glasprodukt. Han er sete for Clark University, som vart grunnlagd i 1887, og har fleire høgskular og museum.
Byen var eit viktig senter for motstanden mot slavehald på 1800-talet. Ein årleg musikkfestival, som har eksistert sidan 1858, vert halden her kvar oktober.
Kjelder
endre«Worcester – Massachusetts» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Monahan, John (20. november 2009). «Challenge boosts two cities’ populations». Telegram & Gazette. Arkivert frå originalen 7. mars 2012. Henta 24. desember 2010.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Worcester i Massachusetts
Reiseguide for Worcester (Massachusetts) frå Wikivoyage