Verdas økonomiske forum

(Omdirigert frå World Economic Forum)

Verdas økonomiske forum (engelsk World Economic Forum (WEF), tysk Weltwirtschaftsforum (WWF), fransk Forum économique mondial (FEM)) er ei Genève-basert nonprofit stifting. Stiftinga arrangerer eit årleg toppmøte, vanlegvis i januar, som samlar toppleiarar i dei største selskapa, nokre nasjonale politiske leiarar og dessutan ein del utvalde intellektuelle og journalistar. Toppmøtet vert vanlegvis halde i Davos i Sveits og samlar omkring 2000 deltakarar. Stiftinga vart etablert i 1971 av den sveitsiske professoren i økonomi Klaus M. Schwab.[1] Den tidlegare norsk utanriksministeren Børge Brende har sidan oktober 2017 vore president og toppsjef for forumet.[2]

Verdas økonomiske forum


Hovudkontoret til Verdas økonomiske forum i Cologny. Sjå dette på Wikidata
Skipajanuar 1971
HovudkontorCologny
LandSveits
Grunnleggjar(ar)Klaus Schwab
Dagleg leiarKlaus Schwab
Nettstadhttps://www.weforum.org
Den 23. januar 2003 heldt statsminister Mahathir Mohamad frå Malaysia ein tale på det årlege møtet i World Economic Forum.
Salam Fayyad med Israels utanriksminister Tzipi Livni ved Verdas økonomiske forum i Davos i 2008.

I 2005 etablerte Verdas økonomiske forum fellesskapet Young Global Leaders, etterfylgjaren til Global Leaders of Tomorrow, beståande av personar under 40 år frå heile verda med ymse yrke knytt til leiarskap.

Global Shapers endre

Global Shapers Oslo er ei foreining som vart stifta den 23. mai 2013. Ho er ei lokal grein av Global Shapers Community som er ein del av Verdas økonomiske forum. Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg er grunnleggjar av foreininga, den såkalla «Founding Curator».[3] Chiugo Aghaji er leiar og såkalla «Curator» for foreininga.[4]

Kjelder endre

  1. «History», World Economic Forum (på engelsk), henta 19. januar 2023 
  2. «President blant presidentene». www.dn.no (på norsk). 
  3. «Global Shapers etableres i Norge», www.kongehuset.no (på norsk), henta 19. januar 2023 
  4. «Oslo Hub», Global Shapers (på engelsk), henta 19. januar 2023 

Bakgrunnsstoff endre