Wurtzitt
Wurtzitt er ein naturleg førekommande sinksulfid, ZnS, som er kjent i fleire polytype forma med heksagonal eller trigonal symmetri. Det er mykje sjeldnare enn den kubiske modifikasjonen av ZnS, sfaleritt (sjå polymorfi). Det opptrer ofte samanvoksen med sfaleritt i enkelte sinkførekomstar.
Wurtzitt | |
![]() | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Sulfidmineral |
Kjemisk formel | (Zn,Fe)S |
Strunz-klassifisering | 02.CB.45 |
Dana-klassifisering | 02.08.07.01 |
Identifikasjon | |
Farge | Brunaktig svart, oransjebrun, raudaktig brun, svart |
Krystallform | Radiale klasar og kolloforme skorper og klumpar. Òg som lagdelte krystallar. |
Krystallsystem | Heksagonal diheksagonal pyramideforma H-M symbol (6mm) Romgruppe: P63mc |
Kløyv | [1120] og [0001] |
Brot | Ujamn |
Mohs hardleiksskala | 3,5-4 |
Glans | Harpiksglans, briljant submetallisk på krystallflater |
Strekfarge | lysebrun |
Transparens | Gjennomskinneleg |
Spesifikk vekt | 4,09 målt, 4,10 utrekna |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Einaksa (+) |
Brytingsindeks | nω = 2,356 nε = 2,378 |
Andre eigenskapar | Ikkje-magnetisk, ikkje radioaktiv |
Kjelder | [1][2][3] |
Det vart først skildra i 1861 etter ein førekomst i San José-gruva i Oruro by i Cercado-provinsen i Bolivia og kalla opp etter den franske kjemikaren Charles-Adolphe Wurtz.[2] I Europa har ein funne mineralet i Příbram i Tsjekkia, Hessen i Tyskland og Liskeard i Cornwall i England. I USA er det funnen i Litchfield County i Connecticut; Butte i Silver Bow County i Montana, i Frisco i Beaver County i Utah og Joplin-området i Jasper County i Missouri.[1] Wurtzitt er ikkje påvist frå Noreg.
Kjelder Endra
- «wurtzitt» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Wurtzite» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Kjelder Endra
- «wurtzitt» i Store norske leksikon, snl.no.