X-type-asteroidane utgjer fleire grupper av asteroidar med like spektrum, men sannsynlegvis med ganske så forskjellige samansetningar.

Tholen-klassifiseringa endre

I Tholen-klassifiseringa inneheld X-gruppa dei følgjande typane:

Sidan det i Tholen-klassifikasjonen er viktig med albedo for å skilja mellom dei ulike typane, vart nokre asteroidar som ein ikkje hadde albedo-data for klassifiserte som X-type. Eit eksempel på dette er 50 Virginia.

SMASS-klassifiseringa endre

SMASS-klassifiseringa brukar ikkje albedo, men ei rekkje spektraltrekk som var for fine til at ECAS-undersøkinga kunne sjå dei då Tholen-klassifiseringa vart laga, er tekne i bruk i klassifiseringa her:

  • kjerne-X-type – asteroidane med dei mest typiske X-type-spektruma
  • Xe-typen - asteroidar med spektrum som har eit absorpsjonsband rundt 0.49 μm. Det har blitt foreslått at dette betyr at det er troillitt(jernsulfid) til stades. Det er noko samsvar mellom Xe-typen og Tholen-E-typen.
  • Xc- og Xk-type – desse har eit konvekst spektraltrekk mellom 0,55 μm og 0,8 μm (auka fluks). Desse spektruma pleier å vera mellom kjerne-X-typen og C- og K-typen.

Bortsett frå Xe-typen er det ikkje nokon signifikant samanheng mellom oppdelinga i SMASS-typane og Tholen-E-, M- og P-typane. Alle typane i X-gruppa inneheld ein blanding av asteroidar klassifiserte som enten E-, M- eller P-type.

Sjå òg endre

Asteroidespektralklassar