XHTML (Extensible HyperText Markup Language) er eit markeringsspråk som følgjer XML-standarden i staden for SGML som HTML byggar på. Skilnaden frå HTML er at XHTML er eit meir fleksibelt språk og har strengare syntaksreglar enn HTML.

XHTML kan sjåast som ei utvida utgåve av HTML 4.0 og er både etterfølgjar av HTML og ein separat parallell (tilrådd) standard. XHTML vurderast av mange som «aktuell versjon» av HTML, men W3C held fram å tilrå både nytta av XHTML 1.1, XHTML 1.0 og HTML 4.01 for publisering på verdsveven.

Behovet for ein strengare versjon av HTML oppstod fordi innhald på verdsveven skal leverast til mange slags maskiner (bl.a små skjermar) og laus HTML skapte mykje unødig kompleksitet i syntaks.

Nokre omgrep i XHTML-samanheng endre

Attribute er ein parameter til eit element, som er skildra i DTDen. Moglege verdiar, eventuelt standardverdiar av attributtet, er definert i DTDen.

DTD: definisjon av ein dokumenttype. Ein DTD er ei samling av XML-skildringar som definerer struktur, element og attributt som er tilgjengelege for eit dokument som er laga med XHTML.

Document er ein datastraum som er strukturert slik at han inneheld informasjon organisert i samsvar med den tilknytte DTDen.

Element er struktureininga som er definert i DTDen. Elementet sitt innhaldsmønster er definert i DTDen.

Implementation er eit system som tilbyr ei samling av høve som støttar denne spesifikasjonen.

Parsing er måten dokumentet blir skanna og informasjonen i dokumentet er filtrert, etter kva elementa tilseier.

Rendering (vising) er ei nemning på presentasjonen til dokumentet for sluttbrukar og det gjeld ikkje nødvendigvis berre synleg visning, det kan til dømes òg vere lydar.

User Agent er implementeringen som tek imot og prosesserer (tolkar) XHTML-dokument.

Validation er den prosessen at eit dokument vert sjekka og samanlikna med den DTD-en som høyrer til dokumentet.

Well-formed - Eit dokument er bra forma viss det er strukturert ifølgje spesifikke reglar, i dette tilfellet reglar definert i XML

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre