Xylografi (av gresk xylos, 'tre') eller trestikk er ein grafisk metode der ein graverer ei trykkplate i eit særs hardt treslag, ofte buksbom. Trestikket skil seg frå tresnittet ved at det vert skore i endeveden, ikkje i langveden, slik at ein vert uavhengig av retningane i veden og kan arbeide med tynnare og finare liner. I trestikket kan ein få fram mange valørar av gråtonar.

Eit xylografi frå 1873 (Berlin)

Metoden vart oppfunnen av briten Thomas Bewick og vart mykje bruka for framstilling av bokillustrasjonar på 1800-talet.

Litteratur endre

  • Johannesson, Lena, Xylografi och pressbild: bidrag till trägravyrens och till den svenska bildjournalistikens historia. Stockholm 1982.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Xylografi