Xylose eller tresukker er ein sukkerart (monosakkarid, sjå aldopentose) som er særs vanleg i plantemateriale, særleg i tre. I form av polysakkaridet xylan, som er det viktigaste av hemicellulosene, utgjer xylose om lag 30 % av veden i lauvtre. Xylose finst òg i naturgummien tragant og i visse glykosid. Xylolose vert framstilt ved hydrolyse av tre, strå og liknande. Xylose og den tilsvarande alkoholen, xylitol, vert mellom anna nytta som kunstig søtstoff.

Xylose, lineær molekylstruktur

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Xylose