Yankee (uttale: jˈæŋki) er eit kallenamn på folk frå New England. Under og etter den amerikanske borgarkrigen er det brukt nedsetjande av sørstatsamerikanarar om nordstatsfolk. De vert i Europa òg ofte nytta som eit kallenamn på amerikanarar generelt.

Det finst mange forklaringar på namnet, men ingen av dei er særleg overbevisande. Den enklaste forklaringa er at utnamnet først vart bruka om nederlandsk-amerikanarar, og er samansett av dei nederlandske namna Jan og Kees – (Jan-Kees).

«Yankee Doodle» er ein amerikansk folkesong som vart kjend etter slaget ved Bunker Hill i 1775 og som seinare vart ein slag uoffisiell folkeleg nasjonalsong.

Kjelder endre

«yankee» i Store norske leksikon, snl.no.