Yara International
Yara International ASA (OSE: YAR) (Yara) er eit norsk gjødsel- og kjemikalieselskap med omtrent 16 000 tilsette. Selskapet består av tre segment: Sal og marknadsføring av gjødselprodukt og -løysningar, industri- og miljøløysningar og produksjon. Selskapet var tidlegare del av Norsk Hydro og vart og børsnotert som eige selskap den 25. mars 2004.
Yara International | |||
| |||
| |||
Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 986228608 | ||
Bransje | Kjemisk industri | ||
Skipa | 1905/2004 | ||
Eigar | Nærings- og fiskeridepartementet, Folketrygdfondet | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | kunstgjødsel nitrat | ||
Nykelpersonar | Svein Tore Holsether, CEO | ||
Styreleiar | Geir Isaksen | ||
Adm.dir. | Svein Tore Holsether | ||
Salsinntekter | 989 000 000 USA-dollar (2019)[1] | ||
Omsetnad | 108 milliardar NOK (2015) | ||
Nettstad | www.yara.com |
Den norske staten er største eigaren med 36,2 % av aksjane. Thorleif Enger var konsernsjef fram til september 2008, då Jørgen Ol Haslestad tok over etter at Enger gjekk av med pensjon. I 2004 hadde selskapet driftsinntekter på 43 252 millionar kroner. Yara er den leiande leverandøren i verda av mineralgjødsel med sal i over 150 land og sals- og markedsorganisasjonar i omkring 50 land. Svein Tore Holsether vart ny konsernsjef i september 2015.
Namnet Yara er av runeteikna jera/jart som tyder «godt år». Det norske miljøføretaket Yera AS varemerkeregistrerte og tok i bruk runeteiknet jera og namnet Yera som forretningskjenneteikn alt i år 2000.
Yara er notert på Oslo Børs og marknadsverdien til selskapet var per 12. desember 2016 kroner 89 300 000 000 (89,3 milliardar kroner).
Historie
endreDet første nitrogengjødselet i verda, Norgessalpeter (kalsiumnitrat) vart produsert på eit testanlegg på Notodden. Produksjonen var basert på Birkeland-Eydes metode. Dette danna grunnlaget for å etablere Norsk Hydro.
Frå 2006 til 2010 har Yara kjøpt selskapa Rossosh, Burrup, Fertibras, Kemira GrowHow, Qafco 5&6, Belle Plaine og Lifeco.
Kunstgjødsel-fabrikken på Herøya
endre- Sjå òg: Fullgjødselproduksjon på Herøya
Amoniakk er viktig for produksjon av kunstgjødsel. Norsk Hydro (no Yara) har i ei årrekkje vore blant dei største produsentane i verda med fabrikk på Herøya. Metan eller nafta gjennomgår ein prosess med svovelfjerning, primæromforming og sekundæromforming for å skaffe fram reint nitrogen og hydrogen i tilhøvet ein til tre.
Frå nitrogen og hydrogen vert det produsert ammoniakk ved Haber-Bosch-prosessen
Den typiske moderne ammoniakksyntesen føregår ved omkring 300 atm trykk og temperatur ved ca 450 °C.
Kjelder
endre- ↑ «Annual Report 2019» (PDF). Yara International. Henta 9. juni 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Yara International» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2010.
Bakgrunnsstoff
endre«Yara» i Store norske leksikon, snl.no.
- Offisiell nettstad
- Yara, internasjonalt nettstad Arkivert 2004-12-16 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Kursinformasjon for Yara-aksjen[daud lenkje](frå Børs24)