Yaw Ihle Amankwah
norsk fotballspelar
(Omdirigert frå Yaw-Ihle Amankwah)
Yaw Ihle Amankwah (fødd 7. juli 1988) er ein norsk fotballspelar i Eliteserien som spelar for Stabæk Fotball.[1]
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 7. juli 1988 (36 år) | ||
Fødestad | Bergen | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Stabæk | ||
Nummer | 3 | ||
Ungdomsklubbar | |||
-2007 | Fana | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2007–2011 | Brann | 33 | (1) |
2007 | → Fana (lån) | 12 | (0) |
2009 | → Alta (lån) | 26 | (4) |
2012–2015 | Sandefjord | 72 | (2) |
2016–2017 | Tønsberg | 19 | (1) |
2017–2019 | Hobro | 58 | (2) |
2019– | Stabæk | 0 | (0) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 23. juni 2019 |
Han har spelt for danske Hobro IK,[2] med avtale om å spela for Stabæk Fotball frå 1. august 2019.[3]
Amankwah gjekk frå Fana IL til Brann sommaren 2007, men vart lånt ut igjen til Fana resten av sesongen. Frå sesongen 2008 vart han ein del av A-stallen til Brann. I bortekampen mot HamKam same sesong debuterte han i eliteserien. I 2009 var han på utlån til Alta IF, men i 2010 kom attende til Brann og byrja å få mykje speletid på midtstopparplassen. Etter 2011-sesongen gjekk han til Sandefjord Fotball.
Kjelder
endre- ↑ Amankwah klar for Stabæk. stabak.no. 25. juni 2019.
- ↑ 5 Yaw Amankwah, arkivert frå originalen 13. mai 2019, henta 26. juni 2019
- ↑ Amankwah klar for Stabæk
Bakgrunnsstoff
endre- Spelarprofil på brann.no Arkivert 2009-02-03 ved Wayback Machine.