Yes av Ben & Tan

song frå 2020 med Ben & Tan
«Yes»
Song av Ben & Tan
Land Danmark
Språk Engelsk
Utgjeve 31. januar 2020
Sjanger Folk-pop
Lengd 03:00
Selskap The Arrangement
Låtskrivar(ar) Emil Lei, Jimmy Jansson, Linnea Deb

«Yes» (norsk 'ja') er ein dansk folk-popsong frå 2020 med duoen Ben & Tan. Han vann Dansk Melodi Grand Prix 2020 og skulle ha vore det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Songen er skriven av Emil Lei, Jimmy Jansson og Linnea Deb.[2]

Om songen endre

«Yes» er komponert av Emil Lei, Jimmy Jansson og Linnea Deb – sistnemnde var ein av låtskrivarane bak Måns Zelmerlöws «Heroes», som vann Eurovision Song Contest 2015. Songen vert framført av duoen Ben & Tan som vart danna i 2019, etter at dei to deltok i danske X Factor.

Duoen kallar «Yes» ein folk-popsong som «gjev ei herleg kjensle av å laupe ned ei bakke i 100 kilometer i timen og skrike, med ein gitar i bakgrunnen».[3] Vidare seier duoen at songen handlar om å vere open for kjærleiken og ikkje avvise han, «berre fordi det ikkje passar inn i livsplanene, eller fordi det kan kome til å gjere vondt».[3]

31. januar 2020 kunngjorde Danmarks Radio at «Yes» var blant bidraga til Dansk Melodi Grand Prix 2020. Same dag vart låten utgjeven for nedlasting og strøyming saman med dei andre deltakarlåtane. Han vart seinare gjenutgjeven som sjølvstendig singel 8. mars 2020.[4]

Eurovision Song Contest endre

«Yes» var eit av ti bidrag som deltok i Dansk Melodi Grand Prix laurdag 7. mars 2020. Songen nådde finalerunden og vann til slutt tevlinga med 61 prosent av telefonrøystene.[5] Songen vart dimed det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Nederland, og «Yes» skulle delta i den andre semifinalen torsdag 14. mai i Rotterdam Ahoy. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6]

Kjelder endre

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «Denmark: Ben & Tan win Dansk Melodi Grand Prix 2020 with “Yes”». 7. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 «De var benhårde konkurrenter i 'X Factor': Nu vil de sammen vinde årets Melodi Grand Prix» (på dansk). Henta 8. mars 2020. 
  4. «‎Ben Tan on Apple Music» (på engelsk). Henta 8. mars 2020. 
  5. «Sådan fordelte stemmerne sig til Dansk Melodi Grand Prix 2020» (på dansk). Henta 8. mars 2020. 
  6. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.