Yndesdalsvassdraget

Frøysetelva eller Yndesdalsvassdraget er ei elv i kommunane Gulen og Masfjorden i Vestland. Ho renn frå Yndesdalsvatnet til Frøyset ved Fensfjorden. Elva er 15,2 km lang (medrekna Øyrelva), og har eit nedbørfelt125,5 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 13,78 m³/s.[1]

Frøysetelva
Yndesdalsvassdraget
elv
Land  Noreg
Nedslagsfelt 125,5 km²
Sideelvar Kjerelva, Myrdalselva,
Markhusdalselva, Steinsdalelva,
Furdalselva, Øyrelva
Lengd 15,2 km
Middelvassføring 13,78 /s
Kjelde Yndesdalsvatnet
 •  høgd 104 moh.
Munning Frøyset ved Fensfjorden
 •  høgd moh.
Kart
Yndesdalsvassdraget
60°51′45″N 5°12′25″E / 60.8625°N 5.20694444°E / 60.8625; 5.20694444

Vassdraget vart i 1985 varig verna mot kraftutbygging gjennom Verneplan III for vassdrag. Det vart likevel gjort unnatak for nedbørfelta til dei to vatna Austgulstølvatnet og Transdalsvatnet, fordi vassføringa frå dei to vatna vart sett som naudsynt for ein lønsam utbygging av Kløvtveit kraftverk, som vart vurdert å «ha avgjerande tyding for distriktet si kraftforsyning i framtida».[2] Dei to felta utgjer til saman 6% av dei totale areala til vassdraget. Dei to vatna vart overført til Klyvtveitvatnet i 2006, då Kløvtveit kraftverk vart sett i drift.

Sideelvar

endre

Vassdraget er forgreina, med mange sideelvar, der dei største er:

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. St.prp. nr. 89 (1984-85) Verneplan III for vassdrag, Objekt nr. 83, Ynnesdalsvassdraget