Yngvesønene Jorund/Jørund og Eirik var kongar av Ynglingeætta, søner av Yngve, den eine av Alrekssønene i følgje Snorre Sturlason. Dei var det tredje dømet på samkongar eller kongsbrør i Ynglingesoga.

Brørne var berre små då faren Yngve og bror hans drap kvarandre, og det var søskenbarnet Hugleik som rådde for Svitjod medan dei voks opp. Soga fortel at brørne reiste tidleg på hærferd og vart store sjøkongar, og herja mellom anna i Danmark. Her råka dei på ein Gudlaug, konge over håløygene, og dei tok på han og vann. Sidan vende dei seg til Svitjod, der ein dansk hovding, Hake, hadde teke makta og drepe Hugleik. Jorund og Eirik gjekk til slag mot Hake på Fyrisvollane, og Eirik vart drepen der. Hake fekk og banesår, og vart ført ut på sjøen i langskip, som sidan vart brend.

Jorund var sidan konge i Uppsala, og var på hærferd om somrane, er det gjete. Han miste livet på Jylland, då kong Gylaug av Hålogaland, son av Gudlaug, vann over han, og Jorund vart hengd der. Jorund var far til Aun den gamle, som vart konge etter han.

Tjodolv frå Kvine fortel i Ynglingatal:

Då Jørund var feig
i forne tid
live han let
i Limfjorden,
stry-hesten
høg-bringa
banen hans Gudlaug
bera skulde
og det harde reipe
som Hagbard kvævde
herse-hovdingen
um halsen gjekk.

Etter soga er Hake bror av Hagbard. I kvada som omtalar kong Jorund, er det mange tilvisingar til forteljinga om Hagbard og Signe (Hagbard vart og hengd).

Den eldste Noregshistoria endre

Historia Norvegiæ omtalar berre Jorund, ikkje Eirik. Her er dei søner av ein Ingjald (visseleg eit anna namn på Yngve). Denne framstillinga veit berre av at Jorund miste livet i kamp med danene, og vart hengd der. At det var ein håløyg-konge som valda dette, finst berre attgjeve hjå Snorre (som kan ha hatt andre kjelder).

Historisk fastsetjing endre

Forteljinga om Hugleik, Eirik og Jorund er knytt både til Hagbard og Signe-forteljinga, og til forteljinga om Starkad den gamle, ein av kjempene hans Hake. Samstundes er det mogleg at Hake er den same som Hoc Healfdene, nemnd i kvædet Béowulf. Har dette noko føre seg, kan ein datere hendingane i livet hans Jorund til første halvdel av 400-talet, ei tid då danene var på frammarsj og la under seg landa aust og vest for øyane dei opphavleg budde på, og slik kom i trette med sveane og jydane. Kjeldene er elles uklåre på kongsrekkja før Jorund, og mykje tyder på at Jorund kan reknast som byrjinga på historisk tid, sidan han og er son av ein Yngve (som er opphavsnamnet til heile slekta). Kongane før Jorund (unnateke sonen Aun), er skildra i meir mytisk/magiske vendingar.

Jorund og Eirik er og omtalt hjå Øyvind Skaldespillar. Dei er soleis måteleg namngjetne.