Jojo
(Omdirigert frå Yo-yo)
Jojo er eit leiketøy laga av ei trinse av plast, tre eller metall som kan rotere ved hjelp av ei snor som går rundt eit djupt innskore spor i trinsa. Dette leiketøyet kan sporast heilt tilbake til antikken. Den moderne jojoen er laga av to skiver på ein kort aksling, og denne forma så me fyrst i USA i 1930-åra.
Ein kan få jojoen til å gå opp og ned ved at han roterer på snora.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jojo