Yongzhou (gul) i Hunan
Byen Yongzhou ved elva Xiang Jiang

Yongzhou (kinesisk: 永州; pinyin: Yǒngzhōu) er eit byprefektur heilt sør i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina, med grense til provinsen Guangxi både i vest og i sør. Byprefekturet har eit areal på 22 441 km² og eit folketal på om lag 5,7 millionar.

Byprefekturet Yongzhou omfattar to distrikt (区 ), åtte fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke.

HistorieEndra

Byen Yongzhou er over 2 000 år gammal og kjend for den vakre og godt bevarte gamlebyen. Fleire tempel og tårn, samt den gamle bymuren speglar den historiske rolla som byen har hatt.

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 207 fører gjennom prefekturet; først gjennom fylket Dong'an, så gjennom sjølve byen Yongzhou, deretter gjennom fylka Shuangpai, Dao og Jianghua. Denne viktige trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa til Mongolia, går sørover og endar i Hai'an, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.

KjelderEndra