Yorkshire Dales
Yorkshire Dales er eit område i North og West Yorkshire i England. Delar av området er definert som nasjonalpark. Denne parken strekkjer seg òg inn i Cumbria.
Yorkshire Dales | |||
Nasjonalpark | |||
Inngangen til nasjonalparken nær Skipton
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Grevskap | North Yorkshire, Cumbria | ||
Høgaste punkt | |||
- stad | Whernside | ||
• høgd | 736 moh. | ||
Areal | 1 769 km² | ||
Grunnlagd | 1954 | ||
IUCN-kategori | V - Verna område | ||
![]() Yorkshire Dales 54°16′00″N 2°05′00″W / 54.266666666667°N 2.0833333333333°W | |||
![]() Yorkshire Dales National Park i North Yorkshire
| |||
Wikimedia Commons: Yorkshire Dales |
Namnleddet dale er vanleg i Yorkshire, men Yorkshire Dales er vanlegvis forbeholdt dalføra nord for Wharfe. Dei fleste av dalane har namn etter elva som renn gjennom dei, med unntak av Wensleydale (byen Wensley, ikkje elva Ure) og Arkengarthdale (danna av Arkle Beck).
Geografi
endreDet mest karakteristiske landskapet er grøne, høgtliggande beitemarker, kor sau og storfe beitar, delt inn av steingardar. Dalane har både 'V'- og 'U'-form, dei fleste av dei gravne ut av isbrear under den siste istida. Fjellet er for det meste kalkstein, med noko skifer og sandstein.
Det finst òg ein del høgtliggande myrlandskap med lyngvekst, der det føregår omfattande rypejakt på hausten.
Nasjonalparken
endreI 1954 vart 1770 km² definert som nasjonalpark. Det meste av han ligg i North Yorkshire, men sidan grevskapsreformen i 1974 har delar av han høyrt til Cumbria. Meir enn 20 000 menneske bur i parkområdet, og det er meir enn åtte millionar vitjande i året.
Blant attraksjonane i parken finn ein:
Dalane
endreDalane som blir regnt med til Yorkshire Dales er:
- Arkengarthdale
- Bishopdale
- Coverdale
- Dentdale
- Littondale
- Malhamdale
- Nidderdale (utanfor nasjonalparken)
- Ribblesdale
- Swaledale
- Wensleydale
- Wharfedale
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yorkshire Dales» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2011.