Yorkshirepudding
Yorkshirepudding er ein engelsk matrett laga av ei røre av egg, mjøl og mjølk. Puddingen blir som regel bakt i omn og hever seg slik at han blir høg på sidene med eit søkk i midten. Eit «offisielt» høgdemål fastsett av britiske Royal Society of Chemists seier at ein ekte yorkshirepudding skal vera 10 cm høg.[1]
Retten er knytt til Yorkshire gjennom namnet, men blir servert i heile England. Han er knytt til den tradisjonelle søndagsmiddagen (Sunday roast), og kan typisk serverast til roastbiff eller lammesteik.[2] Han kan også serverast åleine[1] med sjy eller lauksaus til, eller som ein søt dessert.[3]
Yorkshirepudding er først nemnd i kokeboka The Art of Cookery made Plain and Easy frå 1747 av Hannah Glasse.[4] Retten er ein variant av «Dripping Pudding»,[5] ein liknande rett som blei sett under ei steik for å samla opp sjyet som draup ned medan ho steikte.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Secret of a perfect Yorkshire pud». BBC News. 14 November 2008. Henta 14 November 2008.
- ↑ «Yorkshirepudding» (15. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. september 2015.
- ↑ «foodnetwork.co.uk - Yorkshire pudding desserts». foodnetwork.co.uk. Arkivert frå originalen 9. juli 2015. Henta 4 May 2015.
- ↑ Glasse, Hannah (1998) [1747]. The Art of Cookery Made Plain and Easy. Applewood Books. ISBN 978-1-55709-462-9.
- ↑ Lady, A; Kenrick, William (1737). The Whole Duty of a Woman. London.
- Denne artikkelen bygger på «Yorkshire pudding» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Yorkshirepudding. Oppskrift ved NRK.noDenne matartikkelen som har med England å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.