Yos Sudarso (indonesisk: Pulau Yos Sudarso) er ei om lag 180 kilometer lang og 100 km brei øy aust i Indonesia. Øya ligg på sørvestkysten av Ny-Guinea og er skild frå denne og den mindre øya Komoran av det trange Buayasundet. Sundet er mindre enn to kilometer breitt i sør, før det heilt i nord vert opp mot 10 km breitt.

Sattelittfoto av Yos Sudarso
Yos Sudarsos plassering ved Ny-Guinea

Øya Yos Sudarso er i hovudsak dekt av tropisk vegetasjon og gjennomtrengt av vasskanalar. Ved kystane finst nokre av dei største mangroveskogane i verda. Høgste punktet er ti meter over havnivå.

Yos Sudarso har eit flatemål på 11 460 km² og i kring 11 000 ibuarar. Størstedelen av folket på øya bur i landsbyane Tor, Kladar og Kimaam ved kysten, samt Sabon i det indre av øya.

Kjelder endre