Yoshi's Universal Gravitation

Yoshi's Universal Gravitation (ヨッシーの万有引力 Yosshī no Ban'yū Inryoku), kjent i Nord-Amerika som Yoshi Topsy-Turvy, er eit plattformspel utvikla av Artoon og utgjeve av Nintendo for Game Boy Advance. Det vart gjeve ut i Japan desember 2004, april 2005 i Europa, og oktober same året i Nord-Amerika. Spelet har ein innebygd sensor som registrerer korleis ein held spelkonsollen, og denne blir brukt til å påverka miljøet i spelet. Grunna at bruk av vippesensoren er essensiellt for å kunne koma vidare i spelet fungerer ikkje Yoshi's Universal Gravitation optimalt om ein speler det med Game Boy Player for Nintendo GameCube.

Yoshi's Universal Gravitation
Utviklar(ar)Artoon
Utgjevar(ar)Nintendo
Produsent(ar)Naoto Ōshima
Komponist(ar)Tatsuyuki Maeda
SerieYoshi
Plattform(er)Game Boy Advance
UtgjevingJP: 9. desember 2004
EU: 22. april 2005
NA: 13. juni 2005
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G
MediumSpelekassett
Del av serien Yoshi⠀
←Yoshi's Story⠀ · Yoshi Touch & Go→

Handling endre

Handlinga i spelet har nokre fellestrekk med den i Yoshi's Story. Den grafiske stilen liknar ei sprett-opp-bok og målet i spelet er å fri Yoshi og kompani frå ei bok dei er fanga inni.

Når Bowser herjar Yoshi-øya (en: Yoshi's Island), kjem ein bokånd som heiter Hongo og fangar heile øya mellom sidene til ei eventyrbok. Det er berre ved å låsa Bowser inne i boka Yoshi kan få Hongo til å sleppe resten av øya fri igjen, så Yoshi må ut på ei ferd gjennom kapitla i eventyrboka.

Oppsett endre

Spelet er delt inn i kapittel med tilhøyrande nivå, der kvar av nivåa er kontrollerte av minst ein ånd. Det er fleire typar av desse åndane; ein liker pengar, ein liker styrke, ein liker snøgge ting osv. Åndane vil settja krav som spelaren må klara; som å eta nok frukt, samla nok pengar eller koma seg i mål før tida er ute. Ved å gjera åndane nøgde kan spelaren koma seg vidare til neste nivå.

Yoshi kan hoppa og rulla ut tunga si for å eta frukt eller fiendar, men spelet sett størst fokus på korleis ein bruker vippesensoren. Ved å røra spelkonsollen frå side til side kan spelaren endra på gravitasjonen i spelverda, noko som t.d. kan bli brukt til å senda fiendar rullande vekk, svinga pendlar eller endra vasstand under ein seglingssekvens. Ein uoverkommeleg vegg kan bli gjort om til ein overkommeleg veg, eller eit samanrulla teppe kan bli rulla ut til ein lang plattform. Å koma seg vidare avhenger ikkje berre av knappetrykk, men også korleis ein nyttar vippesensoren.

Bakgrunnsstoff endre

Offisiell amerikansk heimeside