You're a Big Girl Now

You're a Big Girl Now
Song av Bob Dylan
frå albumet Blood on the Tracks
Utgjeve Januar 1975
Innspelt 27. desember 1974
Sjanger Folkrock
Lengd 4:36
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Dylan

«You're a Big Girl Now» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på det 15. studioalbumet hans, Blood on the Tracks, i 1975. Det er ein av fem songar på albumet som Dylan først spelte inn i New York City i september 1974 og så spelte inn på ny i Minneapolis i desember same året. Den siste innspelinga vart gjort 27. desember 1974.[1]

Forskjellige opptak av «You're a Big Girl Now» frå New York-innspelinga kom ut i 1985 på samleplata Biograph[2] og i 2018 på den enkle CD-utgåva og den doble vinylutgåva av The Bootleg Series Vol. 14: More Blood, More Tracks. Alle opptaka frå New York kom ut på luksusutgåva av albumet.[3] Luksusutgåva av The Bootleg Series Vol. 14 inneheld òg ein remiks av albumversjonen av songen.[4]

Eit konsertopptak av songen, innspelt 23. mai 1976, kom ut på albumet Hard Rain.

Setninga «Love is so simple, to quote a phrase» refererer til ein song av gruppa The Dells, «Love Is So Simple».

Andre versjonarEndra

Norsk versjonEndra

Ein nynorsk tekst til songen vart skriven av Tom Roger Aadland og kalla «Stor jente no». Denne kom ut på albumet Blod på spora i 2009.

Svensk versjonEndra

Ein versjon versjon av songen kalla «Du är en stor tjej nu» finst på albumet Vid grinden av Georga.

KjelderEndra

  1. Partridge, Kenneth (16. januar 2015). «Bob Dylan's 'Blood on the Tracks' at 40: Classic Track-by-Track Album Review». Billboard. Henta 25. november 2018. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «Bob Dylan - Biograph». AllMusic. Henta 25. november 2018. 
  3. «More Blood, More Tracks – The Bootleg Series Vol. 14 to Be Released on November 2 | The Official Bob Dylan Site». www.bobdylan.com (på engelsk). Henta 25. november 2018. 
  4. «More Blood, More Tracks – The Bootleg Series Vol. 14 to Be Released on November 2 | The Official Bob Dylan Site». www.bobdylan.com (på engelsk). Henta 25. november 2018. 

BakgrunnsstoffEndra