You Can't Catch Me

You Can't Catch Me
Singel av Chuck Berry
B-side

«Havana Moon»

Utgjeve 1956
Sjanger Rock and roll
Selskap Chess
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Chuck Berry-kronologi 
«Too Much Monkey Business»
(1956)
You Can't Catch Me «School Days»
(1957)


«You Can't Catch Me» er ein song skriven og spelt inn av Chuck Berry, gjeven ut på singel i 1956.

Bakgrunn endre

Songen nemner ein trimma «air-mobile» ved New Jersey Turnpike.[1] Songen vart nytta i filmen Rock, Rock, Rock i 1956[2] og var ein av fire songar frå filmen som kom med på «filmmusikkalbumet» (den einaste av songane hans som både var i filmen og på albumet).[3]

Teksten refererer til to tidlegare hittar av Berry, «Maybellene» og «Wee Wee Hours». Han vart opphavleg spelt inn i mai 1955 ved Chess Studios samstundes som dei to andre songane.[1]

Andre versjonar endre

Rolling Stones spelte inn ein versjon av songen i 1965 og det same gjorde John Lennon i 1975.[1] Songen vart òg spelt inn av Blues Project i 1966 på albumet Projections,[2] og av Dave Edmunds-bandet Love Sculpture i 1970 på albumet Forms and Feelings. Florence Rawlings spelte songen på debutalbumet sitt, A Fool In Love, i 2009. George Thorogood and the Destroyers spelte in songen på albumet Born to Be Bad.

Songforlaget til Berry saksøkte Lennon for brot på opphavsretten på grunn av likskapar i melodien mellom «You Can't Catch Me» og Beatles-songen «Come Together» frå 1969, skriven av Lennon, og fordi Beatles-songen hadde nytta delar av teksten frå Berry-songen («here come old flat-top»). Søksmålet vart avgjort ved forlik. Som ein del av forliket inkluderte Lennon ei utgåve av «You Can't Catch Me» i 1975 på albumet Rock 'n' Roll.[1]

Andre referansar endre

Bruce Springsteen refererer til teksten «New Jersey turnpike in the wee, wee hours» to gonger på albumet Nebraska.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Soocher 2015, s. 134.
  2. 2,0 2,1 Pollock 2014, s. 420.
  3. «Rock, Rock, Rock : Original Soundtrack». AllMusic. Henta 23. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff endre