Ypsilon-meson
Ypislon-meson eller υ-meson er elementærpartiklar kring 10 gonger så tunge som protonet. Dei er bygd opp av ein b-kvark og ein anti-b-kvark. Ypsilon-partiklar er analoge til psi-meson (ψ-meson) som spelar ei viktig rolle i forståinga av at baryon og meson er bygd opp av kvarkar.
Kjelder
endre- ypsilon-mesoner. (2012-02-23) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/ypsilon-mesoner