Jouko Yrjö Nikkanen (31. desember 191418. november 1985) var ein finsk spjutkastar, verdsrekordhaldar i øvinga 1948-53. Han vann OL-sølv i 1936 og to EM-sølv. Han var fødd i Karelen i dåverande Finland, seinare Sovjetunionen og Russland.

Yrjö Nikkanen


Statsborgarskap Finland
Fødd 31. desember 1914
Pobeda, Vyborg rajon
Død

18. november 1985 (70 år)
Nokia by

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1936

Nikkanen vann sølvmedaljen under Sommar-OL 1936 i Berlin med eit kast på 70,77 meter, tyskaren Gerhard Stöck vann gullmedaljen. Den 25. august 1938 sette han verdsrekord i spjutkast med 77,86 m i Kymmene. Vel ein veke etterpå vart han andremann i spjut då EM i friidrett 1938 fann stad, landsmannnen Matti Järvinen vart hans overmann. Seinare på hausten, den 16. oktober, forbetra Nikkanen verdsrekorden til 78,70 meter i eit stemne Kotka. Denne rekorden stod i nesten 15 år.

Nikkanen var aktiv også etter andre verdskrigen. Ved europameisterskapen 1946 i Oslo vann han si internasjonale sølvmdalje nummer tre, svenske Lennart Atterwall kasta lengst i tevlinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • OL 1936 i Berlin: Sølvmedalje – 70,77 m, bakom Gerhard Stöck (71,84 m)
  • EM 1938 i Paris: Sølvmedalje – 75,00 m, bakom Matti Järvinen (76,77 m)
  • EM 1946 i Oslo: Sølvmedalje – 67,50, bakom Lennart Atterwall (68,74 m)

Bakgrunnsstoff endre