Yrkessjukdom

kronisk liding som oppstår som følgje av arbeid eller yrkesaktivitet; aspekt ved arbeidstryggleik og helse

Ein yrkessjukdom er sjukdom som har oppstått som følgje av skadeleg påverknad frå arbeidsmiljøet. Uttrykket dekker derimot ikkje alle slike sjukdommar og skadar.

Utrykket yrkessjukdom er definert i norsk lov, og er mest å rekne som eit juridisk omgrep. Dersom sjukdommen er nemnt i forskrift om yrkessjukdommar, gjeve i medhald av § 13-4 folketrygdloven, så kan den vere berettiga til trygdeytingar.

Dei aktuelle skadeårsakene med skadeverknader, -tilstandar og liknande, er:

  1. Forgiftingar, kjemisk påverknad
  2. Allergi, idiosynkrasi (hud- eller lungesjukdommar).
  3. Stråleenergi (varme, lys, røntgen, radioaktivitet).
  4. Larm, støy (frå maskinar eller verktøy; nedsett høyrsel).
  5. Støv, finfordelte stoff (lungesjukdommar).
  6.  Vibrasjon (t.d. frå pressluftverktøy; sjukdommar i armane, artrose m.m.).
  7.  Endringer i barometertrykk (dekrompresjonssjukdom, mellom anna hos dykkarar og flygarar).
  8. Smitte (m.a. i laboratorium, sjukehus, ved transport av sjuke og i landbruket som følgje av kontakt med dyr).
  9. Vaksinasjon (når vaksinasjon er utført etter offentleg påbod, oppfordring frå arbeidsgjevar eller liknande).
  10.  Epidemisk sjukdom (smittsame sjukdommar i fordøyelsesorgan; infeksjon som skuldast virus, bakteriar og protozoar; hos helsepersonell m.m. som smittast som følgje av sitt yrke).
  11.  Klimatisk sjukdom (som følgje av låg temperatur under arbeid i ishavsstrøk, og som følgje av sterk varme og sol i tropiske eller subtropiske strøk).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre