Ytre Arna

tidlegare tettstad i Bergen kommune i Noreg

Ytre Arna er ein tettbygd stad i Bergen kommune i Hordaland fylke. Staden ligg ved Sørfjorden, på austsida av Bergenshalvøya.

Ytre Arna
stad
Ytre Arna
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5265 YTRE ARNA
Kart
Ytre Arna
60°27′36″ N 5°26′16″ E
Wikimedia Commons: Ytre Arna

Historie endre

Ytre Arna er eit gamalt industrisamfunn ved Sørfjorden. Arne fabrikker blei grunnlagd her av Peter Jebsen i 1846. I eldre tider vart staden kalla "Ælvæ" etter Blindheimselva som var godt synleg før fabrikken kom.

Inntil 1972 høyrde Ytre Arna til Arna kommune og inntil 1964 til Haus kommune under Osterøy. Dette var naturleg i ei tid då fjordane med båttrafikk batt bygd og kyrkjesokn saman. Det gjekk ferje mellom Haus - Garnes - Votlo og Ytre Arna til slutten av 1970-talet. I dag er Arna ein del av Bergen kommune.

Geografi endre

Ytre Arna strekkjer seg langs den vestlege delen av Arnavågen og vidare eit stykkje langs Sørfjorden ved Osterøy som går rundt Osterøy. E16 går gjennom Ytre Arna.