Ytre Hvaler nasjonalpark

nasjonalpark i Østfold fylke, Noreg

Ytre Hvaler nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark som ligg i kyst- og skjergardslandskapet i Østfold fylke. Parken vart oppretta 26. juni 2009, for å «bevare et egenartet, stort og relativt urørt naturområde ved kysten i sørøst-Norge, bevare et undersjøisk landskap med variert bunntopografi, og bevare økosystemer på land og i sjø med naturlig forekommende arter og bestander, kystlandskap med sjøoverflate og havbunn med korallrev, hard- og bløtbunn.»[1] og han dekker eit område på 354 km² land og sjø.

Ytre Hvaler nasjonalpark
nasjonalpark
Frå Tisler i Ytre Hvaler
Land  Noreg
Fylke Østfold
Kommunar Fredrikstad, Hvaler
Areal 354 km²
Oppretta 26. juni 2009
Kart
Ytre Hvaler nasjonalpark
59°01′00″N 10°48′00″E / 59.01666667°N 10.8°E / 59.01666667; 10.8
Wikimedia Commons: Ytre Hvaler National Park

Nasjonalparken ligg i kommunane Fredrikstad og Hvaler; og han erstattar dei fire tidlegare sjøfuglreservata Akerøya, Heia, Møren og Søre Syster. Parken grensar opp til den svenske Kosterhavet nationalpark som vart oppretta samtidig.

Geografi, landskap, geologi endre

Nasjonalparken har store verneverdiar knytt til flora og fauna, strand- og kysttypar, kystbarskog, lyngheier og det intakte storslagne kystlandskapet. Områdd har spesielle marine eigenskapar pga utløpet til Glomma og ein særs variert undersjøisk topografi og botntilhøva. Dette gjer at Ytre Hvaler inneheld eit stort mangfald av marine naturtypar både på grunt og djupt vatn. Det er fleire korallrev i området.

Kulturminne endre

Områdd er prega av lang tids nytte av kysten og havet: rekefiske, hytter, fritidsbåtar og annan fritidsaktivitet.

Referansar endre