Yulin (kinesisk: 榆林, pinyin: Yùlín) er eit byprefektur langt nord i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina. Prefekturet dekker eit areal på 43 578 km², derav 42% ørken på Ordosplatået, og har om lag 3,38 millionar ibuarar.

Yulin si plassering i Shaanxi
Gatescene i Yulin

Byprefekturet Yulin omfattar eitt bydistrikt (区 ) og elleve fylke (县 xiàn).

Næring endre

Delar av den kinesiske muren og gamlebyen er bevart. Yulin er slik eit attraktivt turistmål i det nordlege Shaanxi.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 210 går gjennom området. Riksvegen tek til i Baotou i Indre Mongolia, fører gjennom Yan'an, Xi'an, Chongqing og Guiyang og endar opp i Nanning i Guangxi.

Historie endre

Byen Yulin ligg ved Den kinesiske muren. Under Ming-dynastiet (1368-1644) organiserte regjeringa områda rundt den langstrakte kinesiske muren i ni soner. For kvar sone vart etablert ein garnison ("zhen"). Garnisonen Yansui Zhen, var ansvarleg for ein 880 km lang seksjon mellom Fugu i aust og Ningxia i vest.

Under Ming-keisarane spela Yulin ei viktig militær rolle som nordleg utpost. I 1403 hadde byen eit festningsverk, og i 1407 flytta keisaren Yansui Zhen dit. Ein ny del av Den store muren vart då bygt. Denne seksjonen av Den store muren vart også ein bit av Yulin sin bymur. Folketalet steig mykje der murgarnisonar vart lagt. Yulin utvikla seg slik til ein viktig by for samhandelen med dei mongolske stammene i nord.

Kulturminne endre

Ettersom Yulin har vore ganske isolert, også under mykje av Kinas nyare historie, er ein større del av den eldre byarkitekturen bevart. Mellom dei fremste kulturelle minnesmerka er vakttårnet Zhenbeitai, bygt under Mingdynastiet, og Raudsteinjuvet med grotter med buddhistisk kunst. I byprefekturet står elles delar av Den store kinesiske muren frå heilt tilbake til Qin-dynastiet si tid.

Kjelder endre