Opna hovudmenyen

Zózimo Alves

brasiliansk fotballspelar

Zózimo Alves Calazães (19. juni 193217. juli 1977) var ein brasiliansk fotballspelar som vart verdsmeister for Brasil i 1962.

Zózimo Alves
Zózimo Alves Calazães en 1962.jpg
Fødd 19. juni 1932
Salvador
Død

17. juli 1977
Rio de Janeiro

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

KlubbspelEndra

Zózimo, som han vart kalla på bana, vart fødd i Salvador, hovudstaden i delstaten Bahia. Han var aktiv som forsvars- eller midtbanespelar frå 1948 til 1967. Lengste tida, 1951-65, spelte han på Bangu, eit lag frå Rio de Janeiro. Vidare var han innom klubbane São Cristóvão, Flamengo, Portuguesa og Guarantinguet i heimlandet, samt Sporting Cristal i Lima i Peru, og Águila i El Salvador. I 1965 vart han delstatsmeister i Rio de Janeiro me sin nye klubb; Flamengo.

LandslagsspelEndra

Zózimo var med på det brasilianske OL-laget under Sommar-OL 1952 i Helsingfors. Han debuterte for Brasil sitt A-lag i november 1955 i ein heimekamp på Maracanã-stadion mot Paraguay. I 1958 var han med i VM-troppen som i Sverige vann Brasil sitt fyrste VM-gull i fotball, men utan å få speletid. Fire år seinare var han sentral i midtforsvaret då Brasil vart verdsmeister i fotball i Chile, etter 3-1 over Tsjekkoslovakia i finalen. Gjennom sine sju år på landslaget, 1955-62, spelte han 35 kampar og skåra eitt mål.

Zózimo Alves omkom i ei trafikkulukke med bil i Rio de Janeiro i 1977, 45 år gammal.

KjelderEndra