Opna hovudmenyen

Zambezi (òg skrive Zambesi) er den fjerde lengste elva i Afrika og den største elva som munnar ut i Indiahavet frå Afrika. Ho har eit nedslagsfelt på 1,39 millionar kvadratkilometer, og er om lag halvparten så lang som Nilen, kring 3540 km lang. Ho spring ut i Zambia og renn gjennom Angola, langs grensa mellom Namibia, Botswana, Zambia igjen og Zimbabwe, til Mosambik, der ho munnar ut i Indiahavet.

Zambezi
elv
Zambezi river basin.jpg
Zambezi og nedslagsfeltet hennar
Land Flag of Zambia.svg Zambia, Flag of the Democratic Republic of the Congo.svg Kongo-Kinshasa Flag of Angola.svg Angola, Flag of Namibia.svg Namibia Flag of Botswana.svg Botswana, Flag of Zimbabwe.svg Zimbabwe Flag of Mozambique.svg Mosambik, Flag of Malawi.svg Malawi Flag of Tanzania.svg Tanzania
Nedslagsfelt 1 390 000 km²
Lengd 2 574 km
Middelvassføring 3 400 /s
Kjelde Nær Mwinilunga i Zambia
 - høgd 1 500 moh.
Munning Indiahavet
Wikimedia Commons: Zambezi

Det mest spektakulære området av Zambezi er Victoriafalla. Andre kjende fall eller fossar er Chavumafalla ved grensa mellom Zambia og Angola og Ngonyefalla, nær Sioma i Vest-Zambia.

Det er to vasskraftverk og demningar i elva. Desse er Kariba-dammen, forsyner Zambia og Zimbabwe med elektrisitet, og Cahora Bassa i Mosambik, som gjer elektrisitet til Mosambik og Sør-Afrika. Det finst òg eit mindre vasskraftverk ved Victoriafalla.

BakgrunnsstoffEndra