Smettparula

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Zeledoniidae)
Smettparula
Litografi av Henrik Grönvold, 1905
Litografi av Henrik Grönvold, 1905
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Smettparula
Utbreiinga av Smettparula
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Parulafamilien Parulidae
Slekt: Zeledonia
Art: Smettparula Z. coronata
Vitskapleg namn
Zeledonia coronata

Smettparula (Zeledonia coronata) er ein liten, insektetande fugl med uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Han er endemisk for eit avgrensa område i Sentral-Amerika, høgtliggande skog i Costa Rica og i vestre Panama.

Som namnet ymtar om, har han vore rekna som medlem i parulafamilien, men frå 2017 lista som ein ny familie Zeledoniidae i EBird/Clements Checklist.[1]

Skildring endre

Dette er ein liten sporvefugl på ca. 12 centimeter i kroppslengd og han veg vel 20 gram. Kroppsforma minnar om gjerdesmett med kort hale, runde, korte venger og lang tars. Fjørdrakta gjev eit svært mørkt inntrykk, mørk olivengrøn overside og skifergrå underside. Hovudet har grå felter på sidene og ei oransjeraud krone. Kjønna er like i fjørdrakt.[2]

Habitatet er i tett vegetasjon prega av bambus eller páramo-økosystem over 1500 moh. og opp til tregrensa, men ofte rundt 2500 moh. Dei søkjer animalsk føde helst nede på bakken.[2]

Dette er ein standfugl.[2]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 646, Zeledoniidae (Wrenthrush) , Cornell Lab of Ornithology Henta den 8. oktober 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 Curson, J. (2017) Wrenthrush (Zeledonia coronata) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. oktober 2017
  3. BirdLife International (2017) Species factsheet: Zeledonia coronata. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. oktober 2017

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Smettparula